INVESTERER: NorSun i Årdal skal investere 70 millionar kroner i nye wafersager. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
INVESTERER: NorSun i Årdal skal investere 70 millionar kroner i nye wafersager. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

NorSun investerer stort i ny teknologi

Solcellefabrikken NorSun skal investere 70 millionar kroner i nye wafersager.

Årdal: Styret i selskapet har godkjent investeringa i ny teknologi. Fabrikksjef Steinar Talle seier til Porten.no at han opplever dette som eit teikn på at styret og eigarane har tru på selskapet.

Det var Sogn Avis som først omtalte saka. I dag er det 16 sager på fabrikken som veg 13 tonn kvar. No skal samtlege byttast ut  til ein ny og betre modell. 

Sagene kan samanliknast med brødkuttaren du finn på butikken. Med tynne diamanttrådar kuttar ein opp blokkene i waferar. Dei nye maskinene som skal setjast inn har mykje tynnare trådar, og då blir tapet mindre. 

Produksjonsrekord

Dei nye maskinene kjem truleg godt med. For tida produserer nemleg fabrikken så det suser. 

– I desember sette me ny produksjonsrekord. Då slo me den gamle månadsrekorden med 10 prosent, noko som er ganske mykje. Januar var den nest-beste månaden nokonsinne, fortel Talle, som gir tilsette og operatørar æra for dei flotte tala.

Førebels er ikkje tala frå fjoråret klare, men 2015 ligg an til å gi det beste resultatet i fabrikkens historie, og forventningane er at 2016 skal bli endå betre. 

14 millionar til forsking

Som Porten.no skreiv onsdag, fekk NorSun tildelt forskingsmidlar frå Forskningsrådet. Talle fortel at NorSun fekk 14 millionar kroner som skal gå til å utvikla og betra teknologien deira. 

– I det store biletet er me veldig ferske, og dermed blir mykje av utstyret veldig pilot-prega. Då har me flinke folk i eigen vedlikehaldsorganisasjon som betra delkomponentar i maskinene våre. 

Artikkelen held fram under biletet.

NY ROBOT: I tillegg til nye sager, skal NorSun også kjøpe ein ny «Flex picker» som er vist på biletet.
NY ROBOT: I tillegg til nye sager, skal NorSun også kjøpe ein ny «Flex picker» som er vist på biletet.

I tillegg til nye sager skal fabrikken også kjøpe ny «Flex picker», som roboten heiter, til vaskelina. Dette er ein forbetra versjon av den dei allereie har, basert på innspel frå nettopp NorSun si vedlikehaldsavdeling og drift. 

Framdriftsretta

Det er ingen tvil om at dette er framtidsretta industri, og det er også tydeleg at eigarane har trua på at fabrikken i Årdal er liv laga. Talle viser til storbyar i Kina, der fossile brennstoff blir brukt som straumkjelde.

– Det er ikkje framtida. Ein må nytte fornybar energi dersom jordkloten skal vera levedyktig. Asia og USA går stadig over til fornybar energi, men samstundes er det konkurranse mellom produsentane.

Gjennom tøffe tider ser det ut til at NorSun har takla den konkurransen bra, men det skal seiast at også denne fabrikken er sårbar, slik mange påpeikte at Hydro var då straumen reiste og var vekke i fleire timar i Øvre Årdal i slutten av januar. Situasjonen var ikkje like alvorleg på Årdalstangen, men likevel kosta det.

– Dei åtte minuttane straumen var vekke på Årdalstangen, hadde me eit driftstap på 2-3 millionar kroner. 

Til toppen