OPPSEIING: Norsun må seie opp 20 tilsette på grunn av ein uventa svikt i marknaden. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 
OPPSEIING: Norsun må seie opp 20 tilsette på grunn av ein uventa svikt i marknaden. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.  (Foto: Arkiv)

Norsun må kutte: – Det skapar uro

Norsun må seie opp 20 tilsette på grunn av ein uventa svikt i marknaden, men administrerande direktør ser likevel lyst på solbransjen i tida som kjem. 

Årdal: Oppseiingane vil skje i heile organisasjonen, både i administrasjonen og i produksjonsavdelinga, fortel Brelin til Porten.no. Det var Sogn Avis som først meldte om kutta. 

Årsaka til at selskapet må ta ned 20 stillingar både i Årdal og sentralt er ein svikt i marknaden som har kome overraskande på. Brelin avviser spekulasjonar om at dei skal ha mista ein kunde. 

– Nei, ikkje i det heile. Det høyrest kanskje rart ut, men situasjonen me ser, er at me står sterkare hjå våre kundar enn tidlegare, seier han og forklarar kutta med ein «kraftig korreksjon i marknaden».

Overproduksjon

I Kina har det vore ein overproduksjon med ein voldsom installasjonstakt av solceller – større enn nokonsinne – i første halvår av 2016.

– I slutten av juni utløp eit subsidieprogram som gjorde at mange rusha inn og installerte for å få med seg vilkåra i programmet. Alle, også internt i Kina, har trudd at programmet ville halde fram med same vilkåra, men slik blei det ikkje.

– Dette har gått under radaren hjå heile bransjen som har halde fram å produsere råvarer i same takt som i første halvår, forklarar Brelin.

Skapar uro

For å gjera situasjonen samanliknbar: Dei første seks månadane av 2016 vart det installert 15,7 gigawatt. I tredje kvartal ligg installasjonen på mellom 1-2 gigawatt. I tillegg har dei kinesiske produkta, som tidlegare var sterkt beskytta av tollmurar, funne vegen inn i Vesten og resten av Asia.

– Det har ført til dramatisk fall i prisar og fått ein direkte konsekvens for ein av våre hovudkundar, som ikkje berre produserer celler og modular, men også installerer solparkar. Dei slit i konkurransen fordi alternativprisane er så mange. Difor tar dei ned kapasiteten inn mot årsskiftet. 

– Kor alvorleg er dette?

– Det skapar uro og endringar på planane me har hatt. At volum og prisar vert tatt ned er på kort sikt utfordrande, men ei utfordring me skal handtere. Her gjeld det at heile verksemda klarar å jobbe ordentleg saman for å møte det nye prisbiletet, svarar han.

Ser moglegheiter

– Eg trur det ligg ei moglegheit i det også. Dette vil føre til at leverandørar fell ut. Det har vore fem leverandørar av wafer, og no er det tre igjen, ein av desse er oss. Viss me forvaltar det på ein skikkeleg måte, så er Norsun kjend som ein kvalitetsleverandør som selskap i og utanfor Kina vil handle med.

Tidlegare i år kunne Porten.no melde at Norsun var utseld ut året, men no får selskapet ein litt tøffare start på det nye året som kjem. Og Brelin er optimist.

– Eg føler meg ganske trygg på at me kjem tilbake volummessig. Me tar forholdsmessig ut fleire i administrasjon enn i produksjon fordi me framleis skal levere og klare å oppretthalde farten me har på å redusere kostnadene våre, seier han og opplyser at dei fleste stillingane dei tar ut vil vere mellombelse. 

Til toppen