Årdal: Fure tek over jobben etter Bjørn-Olav Brelin, fortel selskapet i ei pressemelding måndag. Fure startar i jobben 15. mai.
I pressemeldinga fortel selskapet også at dei gjekk med eit overskot på 10,9 millionar kroner av ein omsetning på 600 millionar kroner i 2016. Tilsvarande tal for 2015 var høvesvis 18,7 millionar og 770 millionar. Det var det første året at Norsun gjekk i pluss.
- Les også: I kø for å få solkraft
Ifølgje pressemeldinga sluttar Brelin av eige ønske. Han har vore administrerande direktør sidan 2012.
– Eg vil takka Brelin for innsatsen han har gjort for Norsun, spesielt etter at han tok over som administrerande direktør i 2012. Bjørn-Olav var sentral i restruktureringa av selskapet i 2013, og under hans leiing dei siste fem åra har selskapet gjennomført gjennomgripande effektiviserings- og kostnadsreduserande tiltak slik at me i dag er godt posisjonert til å kunne utnytta dei strategiske moglegheitene som ligg føre oss, seier styreleiar Inge K. Hansen.
I god fart
Norsun har i dag om lag 200 tilsette og produserer silisiumblokker og -wafere til solindustrien frå fabrikken i Årdal.
Fure, som no kjem inn i mai, kjem frå stillinga som konserndirektør med ansvar for tidlegfarearbeid i Aker Solutions. Der har han jobba dei siste 15 åra sidan 2002.
– Me er svært nøgde med at Fure har takka ja til overta leiinga av Norsun. I han får me ein leiar med brei industriell erfaring og innsikt som Norsun vil dra stor nytte av i den vidare utviklinga av selskapet, seier styreleiar Hansen.
– Solindustrien er framleis i sterk vekst, og segment for monokrystallinske wafere der Norsun opererer, er det som veks sterkast. Samstundes vil Norsun vere avhengig av å kunne auke produksjonskapasiteten for framleis å hevde seg i konkurransen, og me har difor store forventningar til Fure i den fasen Norsun no går inn i.