SER PÅ MOGLEGHEITA FOR UTDVIDING: Norsun vurderer å utvida fabrikken på Årdalstangen, seier dagleg leiar Bjørn-Olav Brelin. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SER PÅ MOGLEGHEITA FOR UTDVIDING: Norsun vurderer å utvida fabrikken på Årdalstangen, seier dagleg leiar Bjørn-Olav Brelin. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

NorSun ser på moglegheita for utviding i Årdal

Det fortel både dagleg leiar i Norsun Bjørn-Olav Brelin og Årdal-ordførar Arild Ingar Lægreid til Porten.no.

Torsdag blei det halde møte mellom blant anna NorSun, Årdal kommune og SIVA, som eig bygget. 

– Føremålet med møtet var å vurdera interessa for eventuell utviding, samt sjå på moglegheiter innanfor området der NorSun ligg i dag, seier Brelin til Porten.no.

Ingen grunn til å ta av

Han understrekar at dette er på eit veldig tidleg stadium, og at det er ingen grunn til å ta av heilt enda. 

– Dette er berre tidlege sonderingar, der me prøver å avklare rammene for ei eventuell utviding dersom NorSun på eit seinare tidspunkt skulle ønska å gå i gang med eit slikt prosjekt.

– Noko av det me ser på er nødvendigvis dei fysiske rammene innanfor eksisterande areal, økonomiske rammebetingelsar og marknadsmessige forhold, held han fram.

Fleire arbeidsplassar

Ei slik eventuell utviding inneberer å etablera fleire trekkarar i tilknytning til NorSun-fabrikken. Det betyr ein større produksjon, som igjen betyr arbeidsplassar.

Vel viten om dette er likevel årdalsordførar Lægreid positiv til signalet dette sender.

– Slik eg ser det vil det iallfall styrka bedrifta for framtida med større produksjon og meir å dela kostnaden på, og det vil antageligvis gje fleire arbeidsplassar, seier han til Porten.no.

Kor mange arbeidsplassar det er snakk om er vanskeleg å seia, men skal ein spekulere, kan det vera snakk om over 100, kanskje 150, arbeidsplassar, avhengig av kor mykje ein skal utvida produksjonen med.

– Mykje som skal klaffa

Men som Brelin understrekar klart og tydeleg: Dette er berre sondering.

– Dette er berre tidlege sonderingar. Det er ikkje tatt noko beslutning verken i NorSun eller hjå andre interessentar, som eventuelt kunne bli involvert.

– Her er det mykje som skal klaffa før det i det heile tatt er grunn til ein viss optimisme, seier han, noko Lægreid er inneforstått med.

– Det kan jo henda at me vil dette meir enn NorSun, men me får sjå når me får jobba vidare om dette er noko som er mulig å få til ilag med NorSun, SIVA og det hjelpemiddelapparatet som finns i Noreg. 

Solbransjen på veg opp

Det er uansett ingen tvil om at dette vil bety mykje for eit relativt hardt økonomisk råka årdalssamfunn.

– Eg tykkjer det er godt at me iallfall ikkje la prosjektet vekk, men i staden kan me jobba eit steg vidare om at dette kan me få til. Eg trur kanskje timingen er nokonlunde rett også med tanke på marknaden innan solindustrien, seier Lægreid.

Det ser også Brelin.

– Solbransjen er for tida i vekst, særleg innan høgeffektiv-segmentet der NorSun opererer. Me har sjølv ikkje berre eit håp, men også ein klar ambisjon om å ta del i den veksten.

Til toppen