VÊRAVHENGIG: No når vegen forbi Finnsåstunnelen mot Fodnes er stengt, fylgjer dei meir spent med på vêrmeldinga enn til vanleg. hjå Norsun Det er kritisk for produksjonen på fabrikken om lastebilar ikkje kan ta seg til Årdal.
VÊRAVHENGIG: No når vegen forbi Finnsåstunnelen mot Fodnes er stengt, fylgjer dei meir spent med på vêrmeldinga enn til vanleg. hjå Norsun Det er kritisk for produksjonen på fabrikken om lastebilar ikkje kan ta seg til Årdal. (Foto: Arkiv)

Norsun er meir sårbar enn Hydro når vegen inn til Årdalstangen vert stengt

Begge hadde utfordringar med å få arbeidskabalen til å gå opp før den raske skyssbåten kom på plass. Men innan transport er Norsun meir sårbare enn Hydro.

Årdal: På grunn av transport er Norsun meir sårbare enn Hydro når vegen inn til Årdalstangen vert stengt.

Wenche Eldegard fortalde til porten laurdag at den stengde vegen ikkje stikk kjeppar i hjula for råstoffleveransane til Hydro. Utførsle av aluminiumen som vert produsert på verket går òg som normalt sjølv om vegen inn til Årdalstangen er stengt.

– Me fraktar jo råstoffet med skip til Tangen til vanleg, og får unna varene med skip frå hamna. So med tanke på transport er det vegen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen som er viktigast for oss, sa Eldegard.

For Norsun er det derimot annleis. Både produkta dei leverer, og all innførsle av produkt som dei treng for å halda i gong fabrikken og produksjonen, skjer med lastebil og ikkje med skip. 

– Me har hatt ekstra kostnader med å få levert råvarer og produksjonsdelar til fabrikken. Somme av leverandørane vil ikkje køyra over fjellet og ned til Årdal, so me laut syta for at andre reiste og henta det med trong. 

Trass i betydelege ekstra kostnader i samband med dette understrekar fabrikksjefen at dei har klart seg ganske bra. 

Norsun-fabrikken er avhengig av forsyningar med jamne mellomrom

Talle fortel at fabrikken får naudsynte lastebilleveransar fleire gonger for veka. Samstundes vert solcellepanela fabrikken produserer køyrt unna med jamne mellomrom. 

– Men det som er mest kritisk for at me skal halda hjula i gong på fabrikken, er at me får inn leveransane som me må ha.

– Kor mange dagar kan fabrikken klara å produsera i fall Årdal sitt vegnett skulle verta avskjerma frå omverda i lang tid? 

– Skulle det koma til fem dagar utan at me fekk forsyningar, so ville fabrikken kome til ein full stans. Då hadde me måtte mellombels permittera dei 215 tilsette. Men det vert ein hypotetisk situasjon. 

Skulle dette hypotetiske tilfellet inntreffe, ville derimot ikkje sjølve fabrikken ta skade av det. Men det ville sjølvsagt vore økonomisk veldig lite gunstig.

Å verta avskjerma frå vegnettet er difor noko Talle fryktar.

Både Hydro og Norsun får utfordringar med arbeidskabelen.  

  Kva for konsekvensar har det hatt for dykk at vegen mellom Årdalstangen og Fodnes har vore stengt sidan torsdag?

– Ting såg ok ut i dag, men me har verkeleg fått henga i heile organisasjonen.

Han fortel òg at den stengde vegen har gjeve verksemda ekstra kostnader i form av overtidsutbetalingar og overnatting i Årdal for tilsette som til vanleg pendlar.  

Wenche Eldegard i Hydro i Årdal fortalde til Porten laurdag at også dei har måtta ordna med overnatting i bygda for tilsette som til vanleg pendlar. Felles for Norsun og Hydro, derimot, er at det store fleirtalet av arbeidarane bur i Årdal og ikkje er avhengige av skyss inn til bygda.

Likevel er det utfordrande for båe verksemdene å få arbeidskabalen til å gå opp når arbeidarane frå nabokommunane vert hindra i å ta seg til jobb. 

Til toppen