Årdal: I ei pressemelding laurdag skriv selskapet at dei på kort tid har sikra nye kundar, og vil halda oppe delvis av produksjonen i Årdal.
Det betyr at 102 av 230 tilsette vil bli heilt eller delvis permitterte i fire veker. Så seint som onsdag varsla selskapet at dei ville stenga produksjonen heilt på grunn av koronaviruset. Store delar av arbeidsstyrken fekk permitteringsvarsel.
– Det har blitt arbeida på høggir i organisasjonen for å finna gode løysingar, og eg vil takka alle involverte både internt og eksternt for moralsk støtte og konstruktiv støtte i den utfordrande situasjonen, seier administrerande direktør Svenn Ivar Fure i pressemeldinga.
Då NorSun varsla full nedstenging onsdag, var årsaka at sentrale kundar hadde fått pålegg om å stenga sine fabrikkar. På berre tre dagar har selskapet altså klart å snu seg rundt.
– Me har no fått fullt utbytte av å ha eit marknadsapparat som er tett på eksisterande og moglege kundar, og på den måten sikra oss ordrar frå nye kundar. Det gjer at me unngår mellombels full nedstenging av produksjonen, seier Fure.