Årdal: I ei pressemelding onsdag melder Norsun at produksjonen i Årdal er i gang att etter straumbrotet som råka verksemda 8. oktober. Permitteringsvarselet som vart sendt ut i tilfelle nedstenginga vart langvarig er difor trukke tilbake.
– Av våre 71 trekkere er 60 alt tilbake i normal drift. Dei tilsette jobbar hardt og målretta for å sikra trygg oppstart av dei resterande trekkarane før helga, seier administrerende direktør Svenn Ivar Fure i pressemeldinga.
Årsaka til straumbrotet er enno ikkje klart, men det skjedde i samband med planlagt arbeid på koplingsstasjon til Statnett i Fortun.
Norsun skriv at elektronisk utstyr og batteribankar som høyrer til styrings- og sikkerhetssystema til verksemda vart skada under straumbrotet.
– Det blir no jobba med å sikra at liknande hendingar i framtida ikkje vil skapa tilsvarande utfordringar for verksemda, skriv Norsun.