Årdal: Like før klokka 15:00 fekk Alarmsentralen melding om at nokre trekkarar på solcellefabrikken Norsun på Årdalstangen hadde gått varme.
– Det vart ein del røyk inne i lokala, men ingen brann. Røyken vart beteikna som gifitg, så dei som var på jobb vart evakuerte, seier vaktleiar Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen i Florø.
Årsaka skal ha vore feil på kjølinga som følgje av eit straumbrot som råka heile Årdal. Reinseanlegget på karbonfabrikken til Hydro kopla óg ut, noko som resulterte i røyken du kan sjå på biletet under.

Usikre på konsekvensane
Straumen var tilbake i løpet av eit par minutt, men det var likevel nok til at det fekk konsekvensar for produksjonen til Norsun. Kor store konsekvensar er for tidleg å seia.
– Me prøver å finna ut sjølve kva situasjonen er. Førebels har me ikkje særleg å melda, seier dagleg leiar Svenn Ivar Fure i Norsun.
Han greier ikkje å legga skjul på at han er oppgitt.
– Det er synd at straumen går i ein kommune som satsar på prosessindustrien, seier han.