MEININGAR: Torsdag 23.april skal Stortinget ta stilling til søknaden om å byggje ein gigantisk utanlandskabel, frå Sima kraftverk i Hardanger til Skottland.
MEININGAR: Torsdag 23.april skal Stortinget ta stilling til søknaden om å byggje ein gigantisk utanlandskabel, frå Sima kraftverk i Hardanger til Skottland. (Foto: Stortinget/privat)

MEININGAR

NorthConnect-saka og Arbeidarpartiet

– Denne saka har skapt eit sterkt engasjement. I Høyringsrunden fram til 10.mars gjekk store deler av fagrørsla inn LO, industrikommunar og miljøorganisasjonar sterkt imot å gje NorthConnect konsesjon, skriv Jeanett Syversen.

Meiningar: Torsdag 23.april skal Stortinget ta stilling til søknaden om å byggje ein gigantisk utanlandskabel frå Sima kraftverk i Hardanger til Skottland. Det er NorthConnect, ei samanslåing av tre norske og eitt svensk kraftselskap, som søkjer om konsesjon. Olje- og energiminister Tina Bru (H) og regjeringa går inn for å utsetje saka i fleire år, til dei utanlands kablane som er under bygging til Tyskland og England er satt i drift.

Denne saka har skapt eit sterkt engasjement. I Høyringsrunden fram til 10.mars gjekk store deler av fagrørsla inn LO, industrikommunar og miljøorganisasjonar sterkt imot å gje NorthConnect konsesjon.

Låg lenge an til fleirtal i Stortinget

Nok ein utanlands kabel vil bety enno meir krafteksport, import av høgare kraftprisar og auka press på kraftutbygging (inkludert vindkraft) i sårbar natur. Nok ein utanlands kabel vil svekke storsatsinga på å vidareutvikle miljøvenleg norsk industri basert på rein og rimeleg norsk kraft.

I Vestland fylkeskommune gjekk alle partia bortsett frå regjeringspartia H, V og KrF, samt MDG, imot å gje konsesjon. På Stortinget låg det lenge an til at eit stortingsfleirtal (dvs. Arbeiderpartiet, Senterpartiet, SV, Raudt og FrP) ville røyste imot konsesjon og dermed skrinleggje NorthConnect sitt prosjekt for å få opp kraftprisane i Norge. Saka tok ein ny vending 31.mars då innstillinga frå energi- og miljøkomiteen kom. Arbeiderpartiet sin fraksjon med saksordførar Espen Barth Eide i spissen ville då ikkje lenger vere med på å få stoppe dette kabelprosjektet frå Hardanger. Arbeiderpartiet gjekk i komiteen saman med regjeringspartia og MDG imot å seie nei, på vilkår av at Statnett skal få monopol til å byggje fleire utanlandskablar i framtida.

Kva vil Ap gjere?

For dei som jobbar i den kraftforedlande industrien og industrisamfunna som er basert på rimeleg, rein, norsk vasskraft er dette mager trøyst frå Arbeiderpartiet. For dei er det hipp som happ om det er NorthConnect, Statnett eller andre som skal byggje denne kabelen. Dei vil ha den skrinlagt uansett kven som skal eige og drifte han, og dei vil ha prosjektet skrinlagt no! Difor er det mange her vest som no lurer på kva Arbeiderpartiet sine stortingsrepresentantar frå Hordaland (Magne Rommetveit, Jette F. Christensen, Eigil Knutsen og Ruth Grung) og frå Sogn og Fjordane (Ingrid Heggø) vil gjere når denne saka skal avgjerast torsdag 21.april.

Vil dei fylgje råda frå LO i Vestland og Vestland fylke om å seie nei til konsesjon – eller vil dei nok eingong sikre fleirtal saman med regjeringspartia og MDG, slik dei gjorde i ACER-saka for vel to år sidan?

Til toppen