Sogndal: Nortura i Sogndal er eit av 19 slakteri som kan bli tatt ut i streik frå 6. oktober.
Det skriv Norges Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) på sine sider.
Det var Firda som omtalte saka først.
I tillegg til Sogndal er begge avdelingane i Loen på lista. I følgje NNN er det over 1.400 medlemmar som kan bli tatt ut.
Lange arbeidsdagar
Firda skriv at dei streiker fordi NNN krev rett til overtidsbetaling etter åtte timars arbeidsdag.
Forbundet seier arbeidsgjevarane vil ha ni timars arbeidsdagar og seks dagar lange veker utan overtidsbetaling.
Streiken startar om ikkje det blir einigheit i meklinga som startar 5. oktober.