STERK INNSATS: Hafslo J13 kom på 1.plass i gruppa, etter ein siger og to uavgjort. I 16-delsfinalen i A-sluttspelet tapte dei 2-1 mot Grei. (Foto: Hafslo IL)
STERK INNSATS: Hafslo J13 kom på 1.plass i gruppa, etter ein siger og to uavgjort. I 16-delsfinalen i A-sluttspelet tapte dei 2-1 mot Grei. (Foto: Hafslo IL)
STERK INNSATS: Hafslo J13 kom på 1.plass i gruppa, etter ein siger og to uavgjort. I 16-delsfinalen i A-sluttspelet tapte dei 2-1 mot Grei. (Foto: Hafslo IL)
RAUK MOT ESTLANDSK MOTSTAND: Hafslo G13 kom på 2.plass i gruppa. I 32-delsfinalen i A-sluttspelet fekk dei tøff motstand frå JK Tabasalu frå Estland og tapte 5-2. (Foto: Hafslo IL)
RAUK MOT ESTLANDSK MOTSTAND: Hafslo G13 kom på 2.plass i gruppa. I 32-delsfinalen i A-sluttspelet fekk dei tøff motstand frå JK Tabasalu frå Estland og tapte 5-2. (Foto: Hafslo IL)
RAUK MOT ESTLANDSK MOTSTAND: Hafslo G13 kom på 2.plass i gruppa. I 32-delsfinalen i A-sluttspelet fekk dei tøff motstand frå JK Tabasalu frå Estland og tapte 5-2. (Foto: Hafslo IL)
STERKT: Russiske Cosmos hadde ikkje noko å stilla opp med mot Syril. G14-laget vann 3-0 og er klare for 1/8-delsfinalen i A-sluttspelet. (Foto: Syril IL)
KLARE TIL DYST: Sogndal J15/16 er klare til å møta Lesja IL/Dombås i 1/8-delsfinalen. (Foto: Sogndal IL)
OPPTURAR OG NEDTURAR: J14-laget til IL Bjørn kunne jubla over avansement til A-sluttspelet. Der vart det diverre bom stopp etter 0-6 mot Vanylven. (Foto: IL Bjørn)
STERKT: Desse karane frå Jotun G13 kan smila over å tatt seg vidare i A-sluttspelet, etter heile 6-0 mot Lyn. (Foto: IL Jotun)
TRANGT OM PLASSEN: Kaupanger G13/14 bur seg til kamp. (Foto: Kaupanger IL)
GODT BUDDE: Det manglar i allefall ikkje på flagg og vimplar når Hafslo skal spela kamp. (Foto: Hafslo idrettslag)
GULT OG SVART: Hafslo har fem lag med i turneringa. (Foto: Hafslo IL)
GULT OG SVART: Hafslo har fem lag med i turneringa. (Foto: Hafslo IL)
GULT OG SVART: Hafslo har fem lag med i turneringa. (Foto: Hafslo idrettslag)
GULT OG SVART: Hafslo har fem lag med i turneringa. (Foto: Hafslo idrettslag)
GULT OG SVART: Hafslo har fem lag med i turneringa. (Foto: Hafslo idrettslag)
SIGER: Lærdal G16 skal spela 1/16-delsfinale i B-sluttspelet etter dagens 3-1 siger mot Langevåg IL 2. (Foto: Privat)

Sjå bileta og følg Indre Sogn mot resten av verda her

Etter ein pangstart på sluttspelet, har fleire av sognelaga fått det tøft mot gode lag. Følg resultata utover dagen her!

Oslo: Lærdal G16 var først ut av sognelaga i sluttspelet på Norway Cup. Mot Langevåg IL 2 sikra dei ein solid 3-1 siger og spel i 1/16-delsfinalen i B-sluttspelet. Benjamin Strand Elgoen skåra to, medan det tredje var eit sjølvmål. Baklengsmålet kom på straffe.

– Det var ein god kamp, gutane kriga godt og heva seg mange hakk frå første kampen. Det vart litt heitt på slutten, då me lagde straffe og fekk eit par gule kort, men ellers er me godt nøgde, seier lagleiar Daniel Molde.

Sjå resultat frå alle kampane nedst i saka!

Les òg: Jentene frå Kaupanger vidare med full pott

Jotun første lag vidare i A-sluttspelet

I kamp nummer to slo J13-laget til Jotun knockout på Ullensaker/Kisa med heile 5-0. Dei er dermed òg klare for 1/16-delsfinalen i B-sluttspelet.

J15/16-laget til Sogndal følgde opp med ein 5-1 siger mot Sokndal, og skal spela 1/8-delsfinale.

Jotun G13 vart det første laget til å ta seg vidare i A-sluttspelet. Lyn Fotball fekk juling 6-0 etter tre mål av Lidvin Hestetun, to mål av Petter Øren og eitt av Sander Kilen. No ventar 1/16-delsfinalen.

Seinare på dagen følgde G14-laget til Sogndal IL Kvit opp med 6-0 mot Kolbotn IL 2, medan G14-laget til Syril slo russiske Cosmos 3-0. Dei blir då dei to andre laga frå Sogn som til no er klare for å spela 1/16-delsfinale i A-sluttspelet.

Så kom tapa

Etter ein god start på dagen frå laga frå Sogn, vart det diverre tøffare etter kvart.

Uoffisielt har me fått høyra at J15/16-laget til Jotun er ute frå B-sluttspelet etter eit bittert 1-2 tap mot Lyngbø. Kaupanger G14 må òg reisa heim. Etter ein jamnspelt 1. omgang mot Froland, fekk dei to i sekken i andre.

Eit unnatak er G14-laget til Sogndal IL Orange. Dei er vidare til 1/16-delsfinale i B-sluttspelet etter å ha slått Skeid 2 4-1. G13-laget til Hafslo IL fekk det tøft mot estisk motstand og tapte til slutt 2-5. Bjørn J14 rauk òg ut etter 0-6 mot Vanylven.

– Ein kamp der det meste gjekk i mot oss frå start til mål, seier Tore Sønnesyn i IL Bjørn.

I dagens lokaloppgjer var det Hafslo J15/16 som trakk det lengste strået mot Syril. Systrendingane skapte flest sjansar, men mål frå Elene Selland og Katharina Heggestad gjorde at Hafslo kan feira vidare avansement.

Feira kan òg J15/16-laget til Lærdal. Dei slo Fyresdal 3-0, og er òg vidare i A-sluttspelet.

Me følgjer med på alle kampane, men send gjerne bilete, resultat og namn på målskårarar til tips@porten.no. 

Resultat frå sluttspelskampane onsdag: 

Tid Gruppe Klasse Kamp Resultat
On 10:00 B16-pulja, B 1/32 G16, 11ar Lærdal IL-Langevåg IL 2 3-1
On 10:30 T-pulja, B 1/32 J13, 9ar IL Jotun-Ullensaker/Kisa 5-0
On 11:00 U-pulja, B 1/16 J15/16, 7ar Sogndal IL-Sokndal Idrettslag 5-1
On 11:00 U-pulja, B 1/16 J15/16, 7ar Lyngbø SK-IL Jotun 2-1
On 12:10 D-pulja, A 1/32 G13, 9ar Lyn Fotball 1-IL Jotun 1 0-6
On 12:30 C-pulja, B 1/32 G14, 11ar Froland IL-Kaupanger IL 2-0
On 12:30 C-pulja, B 1/32 G14, 11ar Sogndal IL Orange-Skeid 2 4-1
On 13:00 D-pulja, A 1/32 G13, 9ar JK Tabasalu-Hafslo IL 5-2
On 13:15 V-pulja, A 1/16 J14, 7ar Nordhordland BK-Syril IL 3-2
On 13:15 V-pulja, A 1/16 J14, 7ar IL Bjørn-Vanylven FK 0-6
On 13:30 C-pulja, A 1/32 G14, 11ar Sogndal IL Kvit-Kolbotn IL 2 6-0
On 14:15 F-pulja, A 1/16 G14, 7ar Syril IL-Cosmos 3-0
On 15:15 U-pulja, A 1/16 J15/16, 7ar Syril IL-Hafslo IL 0-2
On 16:15 U-pulja, A 1/16 J15/16, 7ar Lærdal IL-Fyresdal IL 3-0
On 16:15 E-pulja, A 1/16 G15/16, 7ar Wissam Academy-Balestrand IL 3-1
On 16:15 U-pulja, B 1/8 J15/16, 7ar Lesja IL Dombås-Sogndal IL 1-0
On 17:10 D-pulja, B 1/32 G13, 9ar Lille Tøyen FK-IL Jotun 2 4-1
On 17:15 V-pulja, B 1/8 J14, 7ar Hafslo IL-Rolvsøy IF 3-4
On 17:15 A17-pulja, B 1/8 finale G17, 11ar  IL Jotun-Bakke IF/Hokksund IL 2-1
On 18:00 T-pulja, A 1/16 J13, 9ar Kaupanger IL-Oppegård IL  2-4
On 18:00 T-pulja, A 1/16 J13, 9ar Hafslo IL-Grei SF 1-2
On 18:15 E-pulja, B 1/8 G15/16, 7ar Hafslo IL-Tus Felde 4-2
On 18:45 B16-pulja, B 1/16 G16, 11ar Haramsøy/Nordøy FK-Lærdal IL  0-1
On 18:45 C-pulja, B 1/16  G14, 11ar Sogndal IL Kvit-Emblem IL  0-2
On 19:40 D-pulja, A 1/16-delsfinale G13, 9ar Vestre Akers SK-IL Jotun 1  0-5
On 20:00 B15-pulja, A 1/16 G15, 11ar Ellingsøy IL-IL Jotun  1-2
On 20:15 U-pulja, B 1/8 J15/16, 7ar Lærdal IL-Sykkylven IL  3-5
Til toppen