SUNT: Norwergian Energy er ein sunn energidrikk som berre inneheld 100% ingrediensar.
SUNT: Norwergian Energy er ein sunn energidrikk som berre inneheld 100% ingrediensar. (Foto: Pressefoto)

Norwegian Energy med uventa suksess

Mads Bækkelund jobbar med å skapa ei norsk drikke som skal erstatta dei usunne energidrikkene. - Det har gått over all forventning.

BUTIKK: I fleire butikkar er det nå mogleg å finne Norwegian Energy.
BUTIKK: I fleire butikkar er det nå mogleg å finne Norwegian Energy. Foto: Pressefoto

– Eg byrja med å eksperimentera og det tok litt tid før smaken sat. Men no er smaken der den skal vera, forklarer Mads Bækkelund, kjent som kaptein for båten «Fjord Visjon» og har no jobba med å laga ein sunn energidrikk.

Fleire butikkar

I mai skreiv Porten.no om Bækkelund som hadde fått ein avtale med Circle K. I dag er drikken å finna både på Circle K, Narvesen og toga til NSB. I tillegg er det samtalar i gang med Norwegian og Norgesgruppen. 

Les også: No kjem energidrikken med smak frå Sogn

– Butikkane ser kva det er godt for og byrjar å skjønna at det er noko som dei burde ha. Målet til Bækkelund er å utkonkurrera Red Bull.

– Det er omtrent like mykje karbohydrat i denne drikka som dei andre energidrikkene, forskjellen er berre at det er heilt naturleg.

Akkurat som andre energidrikk, berre sunnare

Drikka gjer akkurat det same som andre energidrikker.

– Ja, den gir deg energi. I ingrediensane som er brukte er det mengder av naturleg fruktsukker som gjer den same jobben som det tilsette sukkeret i anna energidrikk, fortel Bækkelund.

Til no har Bækkelund gjort heile denne jobben åleine og for å kunne fortsetta å utvikla selskapet, så trengst det nok etter kvart forsterkingar.

– Eg må nok byggja ein administrasjon og åleine blir det vanskeleg å fortsetta viss dette skal bli større.

Tapperi i Jostedalen

UFORVENTA: Mads Bækkelund er positivt overraska over kor godt likt drikka er. Snart er det tid for fjerde produksjon.
UFORVENTA: Mads Bækkelund er positivt overraska over kor godt likt drikka er. Snart er det tid for fjerde produksjon. Foto: Pressefoto

Målet til slutt er å ha eit tapperi i Jostedalen.

– Dette trur eg verkeleg er mogleg viss ein ser på utviklinga det siste halvåret, seier Bækkelund.

No framover er jobben berre å pusha drikka endå meir. Smaken er der den skal vera, drikka er ferdig utvikla, no er det berre å produsera meir. I tillegg ser Bækkelund for seg å kunne satsa internasjonalt.

– Den har ein turistfaktor, berre høyr på namnet. Drikka er norsk, sunn og naturleg. Akkurat det folk er ute etter.

Til toppen