Nostalgisk gjensyn med Bjølsen Valsemølle
(Foto: Arkiv)

Nostalgisk gjensyn med Bjølsen Valsemølle

Fredag kveld står Bjølsen Valsemølle på scena på Bakeriet, noko som byr på eit nostalgisk gjensyn.

Oslo-bandet, som har dreve på i større eller mindre grad sidan 1979, var eit av dei siste banda som stod på scena før Stova vart reven. 

No har dei same eigarane bygd opp ei ny rockescene i Årdal, som fekk ein staseleg dåp under Påskerock. Rammene rundt kveldens konsert er litt annleis.

– Dette er det første arrangementet som me står for, og som Hugin ikkje er med på, og det er litt spesielt for oss eigarane som hadde dette som siste band på Stova, fortel Henrik Rønningen.

– Publikum kan venta seg god gamal Bjølsen-konsert, lovar han.

Lang historie

Gruppa som kjem frå Bjølsen i Oslo med Trond Ingebretsen i spissen, spelar storbyrock med tekstar inspirert av byen og hendingar i hovudstaden. 

Artikkelen held fram under biletet.

OSLO-INSPIRERT: Bjølsen Valsemølle er eit Oslo-band som skriv tekstar inspirert av hovudstaden. Fredag kveld står dei på scena på Bakeriet.
OSLO-INSPIRERT: Bjølsen Valsemølle er eit Oslo-band som skriv tekstar inspirert av hovudstaden. Fredag kveld står dei på scena på Bakeriet.

Bandet har gitt ut åtte album på den tida dei har heldt på sidan 1979, seinast i 2013. Fredag kveld står dei altså på scena i Bakeriet, som har blitt endå betre sidan sist rocketonar fylte lokalet.

Dei som har passert bygningen i det siste har kanskje sett at rundt uteserveringa har det kome ein ny gråfarge på veggane. Rønningen fortel at planen er å måle heile bygget.

Godt førehandssal

I tillegg er skranken der ein heng frå seg jakka bygd opp. Det same er toaletta og gangen utanfor, som har blitt mykje breiare og har plass til meir trafikk fram og tilbake. No manglar altså berre publikum.

– Me har hatt eit veldig bra førehandssal. Eg har ikkje vore borti noko liknande før. Det er mange vaksne folk som skal ut, så det er veldig kjekt.

– Me har stor tru på dette. Me meiner me har laga dei beste rammene for å få ei fin konsertoppleving, og då er det berre folk som kan skapa stemninga, og det reknar eg med årdølene klarar, seier Rønningen.

Til toppen