Fjærland: Søknaden er sendt. No er det opp til kommunen å eventuelt godkjenne rivingsplanane.
Men ovanfor NRK, som først omtalte saka, avslører Moe at motivet ikkje er å rive. Det han ønskjer er å skape blest om det han omtalar som urimeleg skattlegging.
– Særleg på denne typen eigedomar der vedlikehald og drift ikkje går i pluss, og eigarane må finansiere det som er ein kulturskatt. Vi meiner at det er urimeleg at det blir kravd inn eigedomsskatt på ein slik eigedom, seier Moe til NRK.
Ordførar Jarle Aarvoll seier til NRK at kommunen nok vil følgje tilrådinga til kulturavdelinga i fylkeskommunen, som er at byggjet ikkje kan rivast.
– Det overraska meg då eg fekk søknaden. Det er eit kulturhistorisk bygg med særs stor verdi i Fjærland, seier han.