STEILE FRONTAR: Her er landbruks- og matminister Jon Georg Dale i diskusjon med bondeleiar Anders Felde i samband med ei markering i Balestrand etter brotet.
STEILE FRONTAR: Her er landbruks- og matminister Jon Georg Dale i diskusjon med bondeleiar Anders Felde i samband med ei markering i Balestrand etter brotet.

NRK: Fleirtal på Stortinget for meir pengar til bøndene

Krf og Venstre bryt med regjeringa i landbruksoppgjeret, melder statskanalen.

Oslo: Regjeringa får ikkje fleirtal for sitt tilbod til bøndene på 410 millionar kroner etter at støttepartia Krf og Venstre har vendt dei ryggen, melder NRK i dag. Dei skriv òg at Arbeiderpartiet meiner summen er for lav.  Saman med Senterpartiet er det dermed fleirtal for eit vesentleg høgare landbruksoppgjer.

NØGD: Bondelagsleiar Anders Felde er glad for nyheita om at det er fleirtal på stortinget for å gje meir pengar til bøndene.
NØGD: Bondelagsleiar Anders Felde er glad for nyheita om at det er fleirtal på stortinget for å gje meir pengar til bøndene.

Les også: Her kaprar bøndene Fjordsyn
Les også: Brot i forhandlingane om landbruksoppgjeret

Ifølgje NRK har KrF antyda at bøndene må få rundt 790 millionar.

– Dette var fantastiske nyhende. Veldig bra at politikarane har innsett alvoret, seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane bondelag til NRK.

Til toppen