Luster: På Facebook dukka det i går opp ei gruppe med namnet Harastølen hotell. Her vart det lagt ut illustrasjonar som viser eit totalrenovert Harastølen ombygd til hotell.
– Me er tre investorar som sidan november 2016 har jobba med prosjektet Harastølen hotell. Fram til april 2018 vil mykje bli avgjort. Følg med, skriv dei i gruppa, utan å namngje seg sjølve.

NRK har snakka med den eine av investoren, Terje Svindland frå Lyngdal, som mellom anna driv Kvåstunet, ein gamal gard i Vest-Agder som er omgjort til serveringsstad og konferansesenter.
No har dei planar om å få til noko liknande i Luster.
– Vi vil byrja med å få i stand servering og nokre rom i tilknytning til den eine kjellaren i hovudhuset. Etter kvart har vi lyst til å setta i stand alle bygningane på Harastølen, seier Svindland til NRK.
Han fortel at dei framleis manglar ein del for å få finansieringa på plass og ser for seg at både private og offentlege må bidra for å realisera planane.
Lyster Sanatorium vart ferdigstilt i 1902. Hit kom tuberkulosesjuke frå heile landet for å bli lækja av den tørre fjellufta. På midten av 1950-talet vart det utvikla effektive vaksinar mot sjukdomen og sanatoriet vart lagt ned. Sidan har det fungert som både sinnsjukehus og asylmottak. Dei siste åra har det derimot stått tomt.
Ordføraren i Luster har tidlegare uttala at byggjet må rivast på grunn av det store forfallet. No augnar han eit lite håp for det historiske byggjet.
– Dette er vel siste tog for Harastølen. Om noko skal bli gjort der oppe, må det skje no, seier ordførar i Luster Ivar Kvalen (Sp) til NRK.