Indre Sogn: Kvinna tilstod å ha stole omlag 450.000 kroner frå broren ho var hjelpeverge for. No krev mannen at staten gir han pengane tilbake, skriv NRK.
Tidlegare har advokaten til den fornærma mannen, Anette Stegegjerdet Norberg, kritisert fylkesmannen, som ho meiner kunne ha stoppa underslaga tidlegare og spart mannen for større tap.
– Klienten min ønskjer ei offentleg orsaking frå Fylkesmannen, sa Stegegjerdet Norberg til avisa.
Mannen har ved eit tidlegare høve fortalt at han har spart pengar over fleire år for å ein dag kunne kjøpa seg ein eigen leilegheit.
– Han trudde at han hadde spart pengar heile livet, til den dagen han skulle kjøpe seg sin eigen leilegheit. Dersom den tiltalte ikkje har moglegheit til å betale han tilbake no, så vil eg krevje at staten ved Fylkesmannen betalar erstatningsutbetalinga, sa advokaten til NRK.