TOK FYR: Sundag vart ei 97 år gamal kvinne sendt til Lærdal sjukehus etter at varmeteppet hennar tok fyr. No er kvinna død, men det er uvisst om brannen står bak dødsfallet.
TOK FYR: Sundag vart ei 97 år gamal kvinne sendt til Lærdal sjukehus etter at varmeteppet hennar tok fyr. No er kvinna død, men det er uvisst om brannen står bak dødsfallet. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

NRK: Kvinne (97) døydde etter brann i varmeteppe

Uvisst om brannen var årsaka til dødsfallet.

Årdal: Sundag vart ei 97 år gamal kvinne sendt til Lærdal sjukehus etter at det elektriske varmeteppet i senga hennar tok fyr på eit bu- og omsorgssenter i Årdal. 

Brannen vart sløkt fort, men Vest politidistrikt opplyste på Twitter etter hendinga at kvinna hadde pusta inn ein del røyk, og vart sendt til sjukehus for sjekk. 

No er kvinna død, og politiet har sett i gong full etterforsking.

Dét skriv NRK

– Dei tilsette fekk kvinna ut av senga. Ho hadde fått i seg ein del røyk og blei frakta til sjukehuset i Lærdal. Allmenntilstanden var i utgangspunktet ikkje god før hendinga, og eitt døgn etter døydde ho på sjukehuset, sa regionlensmann Inger Lill Lanes til avisa.

Politiet opplyser til avisa at dei ventar på obduksjonsrapporten og at det er uvisst om brannen i teppet er årsaka til dødsfallet.

– Vi veit ikkje om dødsfallet har samanheng med brannen. Ein obduksjon vil vise om dødsfallet skuldast røykskadar, sa Lanes.

Årdal bu- og omsorgssenter har lagt ned eit forbod mot bruk av varmeteppe etter hendinga. 

Porten.no oppdaterer saka. 

Til toppen