UTBRENT: Lastebilen frå merket Scania var berre fire månader gamalt. No undersøker havarikommisjonen kvifor det byrja å brenne.
UTBRENT: Lastebilen frå merket Scania var berre fire månader gamalt. No undersøker havarikommisjonen kvifor det byrja å brenne. (Foto: Politiet)

NRK: Lastebilen som brann, var ny

Lastebilen som tok fyr i Gudvangatunnelen natt til laurdag var berre fire månader gamal.

Aurland: Nortemp, eigar av lastebilen, byter ut køyretøya sine omlag kvart tredje år. Lastebilen som tok fyr var av merket Scania, og vart skifta ut i november/desember i fjor, melder NRK tysdag

Dagleg leiar i Nortemp, Frode Jensen, opplyser til avisa at dei skiftar bilane ofte for å unngå nettopp slike situasjonar. 

– Det er noko du håpar aldri skal skje. Når det først skjedde, er eg glad det gjekk bra med alle involverte. Bilen er trass alt berre ein ting som kan erstattast, sa han. 

Undersøker brannårsaka

Det er no statens havarikommisjon som undersøkjer brannen i Gudvangatunnelen.

Lastebilen som brann vart henta ut av tunnelen sundag kveld. No jobbar inspektørar med å sjekke lastebilen for spor for å finne årsaka til brannen.

– I løpet av eit par dagar trur eg at vi skal ha klart å danna oss eit ganske bra bilete av kva som skjedde, opplyste havariinspektør Per Olav Hetland til avisa. 

Til toppen