BETRE DEKNING: Nye sendarar i ei rekkje fylke, blant dei Sogn og Fjordane, vil gjere at radiodekninga bør bli merkbart betre allereie i haust.
BETRE DEKNING: Nye sendarar i ei rekkje fylke, blant dei Sogn og Fjordane, vil gjere at radiodekninga bør bli merkbart betre allereie i haust. (Bilde: Produsenten/Tiny Audio)

NRK lovar betre DAB

Statskringkastaren set opp nye sendarar i løpet av august og september for å betre dekninga.

NPK-NTB: Sjefen for radiodistribusjon i NRK, Petter Hox, har køyrt Noreg på kryss og tvers for å kontrollere DAB-dekninga. No set NRK opp nye sendarar der kontrollmålinga tilseier det, og tar også omsyn til tilbakemelding frå publikum.
 

Det kjem nye sendarar i Aust-Agder, Finnmark, Møre og Romsdal, Nordland, Nord-Trøndelag, Oppland, Rogaland, Sør-Trøndelag, Sogn og Fjordane, Telemark, Troms og Vest-Agder, skriv NRK i ei pressemelding.

Petter Hox oppfordrar publikum til å ta kontakt med NRK ved spørsmål eller problem. Han kjem også med eit par ting du bør vite om DAB:

Flyttar du ein DAB-radio over avstandar bør du oppdatere kanallista sånn at du ikkje misser NRK sine kanalar. NRK-kanalar sender på ulike frekvensar frå region til region, mens kommersiell radio sender på same frekvens over heile landet.

Godt mottak blir sikra gjennom riktig montert antenne. Antenner skal stå vertikalt, og antenner til biladapter må jordast, det vil seie vere i kontakt med bilramma.

Uansett kva DAB-kanal du vel, vil du få beskjed frå naudetatane om det skulle bli nødvendig.

Til toppen