ARBEIDSUHELL: Ein mann i 20-åra vart onsdag sendt til sjukehus i Førde etter ei arbeidsulukke på Hydro i Årdal.
ARBEIDSUHELL: Ein mann i 20-åra vart onsdag sendt til sjukehus i Førde etter ei arbeidsulukke på Hydro i Årdal. (Foto: Arkiv / Sunniva Knutsen)

Mann til sjukehus etter klemskade på Hydro, politiet: - Ikkje kritisk tilstand 

Uhellet skjedde i 15-tida onsdag.

Årdal: Ein mann i 20-åra vart onsdag ettermiddag sendt til Førde sentralsjukehus.

Mannen fekk klemskade i samband med kranarbeid, og uhellet blei meldt i 15-tida, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Tenestestadsleiar for politet, Magne Knudsen opplyser til Porten.no at ulukka skjedde på aluminiumsverket i Øvre Årdal. Mannen som var involvert i uhellet er OK, og ikkje i kritisk tilstand. 

Knudsen opplyser at politiet har starta etterforsking av ulukka. 

– Me har hatt åstadsundersøking, og me utarbeidd ein viss formening om kva som har skjedd, seier Knudsen.

Politiet har gjennomført eitt avhøyr. Vidare vil arbeidsrutinar bli etterforska i form av dokumentasjon og sikkerheitsrutiner, for å sjekke om det har vore svikt i rutinar. 

Til toppen