BISTÅR NORSK POLITI: Interpol bistår norsk politi i valdtektssaka. Her frå hovudkvarteret i Lyon.
BISTÅR NORSK POLITI: Interpol bistår norsk politi i valdtektssaka. Her frå hovudkvarteret i Lyon. (Foto: Massimilano Mariani/CC BY-SA 3.0-lisens)

NRK: Mannen sikta for valdtekt på russetur, seier han er uskuldig

Tidlegare i oktober sikta spansk politi ein mann i 50-åra frå Sogn og Fjordane for valdtekt.

Sogn og Fjordane: Mannen var med som reisefølgje for ein privat russetur med elevar frå to vidaregåande skular i fylket. Offeret er ei 18 år gamal jente som var med som russ på turen. 

– Han meiner at han ikkje har gjort noko straffbart, og at han difor er uskuldig. Han meiner at siktinga mot han er uriktig, seier advokat Halvor Frihagen til NRK.

Porten.no har ikkje lukkast i å komma i kontakt med Frihagen. 

Ikkje meir informasjon

Anette Stegegjerdet Nordberg, som er advokaten til offeret, har ikkje meir informasjon å komma med. 

– Eg har ikkje snakka med klienten og har dermed ingen kommentar, seier Stegegjerdet Nordberg til Porten.no.

Regionlensmann Inger Lill Lanes seier at politiet vurderer kva steg dei skal gjera vidare i saka. 

– Men me har ikkje noko me kan gå ut med per no, seier ho.

Fornærma ber om ro

Mannen blei slept ut mot kausjon tidlegare denne månaden. Advokaten til den sikta vil ikkje bekrefte om mannen er i Norge eller ikkje, skriv NRK.

Saka har fått stor merksemd i media, òg nasjonalt. Enkelte journalistar skal ha prøvd å ta kontakt med ungdommar i reisefølget for å få informasjon om saka og offeret.

I tillegg kjem snakket på bygda som ein ekstra påkjenning.

– Fornærma er ei 18 år gamal jente som må prøva å stå i livet sitt etter det som hende ho og mens saka er under etterforsking. Ho må få ro no og det ber me om respekt for, sa Stegegjerdet Nordberg tidlegare denne månaden.

Til toppen