BRANN: Det vart full utrykking i natt då det byrja å brenna i eit bosspann ved Farnes kyrkje i Øvre Årdal.
BRANN: Det vart full utrykking i natt då det byrja å brenna i eit bosspann ved Farnes kyrkje i Øvre Årdal. (Foto: Odd Øren)

NRK: Politiet mistenkjer at nokon kasta brennande fyrverkeri i boset

Nabo høyrte smell midt på natta. Politiet har undersøkt spor og leitt etter folk i området.

Årdal: Politiet etterforskar brannen som starta i ein bosdunk på utsida av Farnes kyrkje i natt. 

Ifølgje NRK mistenkjer dei at nokon med vilje kasta brennande fyrverkeri i bosdunken, og at det var årsaka til at det tok fyr.

– Me mistenker ikkje at dette er eit forsøk på å tenna på kyrkja, men me ser på det som alvorleg skadeverk, seier politiet til NRK.

Nabo høyrte smell

Til Porten.no fortel politiet at ein person som bur nær kyrkja i natt høyrte eit smell som kunne likna på fyrverkeri. Opplysinga kom fram då politiet tok ein runde for å snakka med folk i nabolaget, og er førebels den einaste kandidaten til brannårsak.

– Det er ikkje anna openberr grunn til at det skulle ta fyr, seier Knut Dahl-Michelsen ved operasjonssentralen i Bergen.

Han seier politiet fort kan bli avhengige av tips for å koma vidare i saka. Det er ikkje observert personar i området på det aktuelle tidspunktet.

– Politiet har gjort nokre undersøkingar på staden, men det er ingen aktivitet der no. Me har førebels ingen mistenkte, seier Dahl-Michelsen.

Til toppen