Årdal: Barne-TV-kanalen NRK Super jaktar familiar frå Årdal som har tenkt å vera med Lars Monsen på tur i samband med minutt for minutt-sendinga i sommar.
Nokre heldige utvalde vil bli filma undervegs, og resultatet blir korte portrett på rundt fem minutt, som blir lagt ut på nettsidene til NRK Super.

– Me ønskjer gjerne ungar som me kan fortelja ei historie gjennom. Viss ungane er veldig flinke til å gå på tur og kan alt saman, så er det kanskje ikkje ei historie der. Men viss det er ei utfordring som dei må mestra, eller dei opplever ei utvikling undervegs, for eksempel nokon som oppdagar gleda av å gå i naturen, så er det midt i blinken, seier Nørholm.
Heile Norge på tur
Sakte-TV-prosjektet Monsen – minutt for minutt er eit samarbeid mellom NRK og DNT, og er ein del av feiringa av at turforeininga fyller 150 år i år. Målet er å få heile Norge med ut på tur. Det vil bli gått fire vekeslange turar, som alle blir direktesende.
Jotunheimen med Utladalen er blant dei fire turområda som er valt ut, saman med Hardangervidda, Vesterålen og Indre Troms.
Middels respons
Programskaparane i NRK Super har generelt fått god respons frå barnefamiliar som kan tenka seg koma på film, men akkurat på etappane i Jotunheimen og Utladalen har den til no vore sånn passe.
– Me fekk inn tre nye forslag i dag, men er veldig interesserte i fleire påmeldingar, så me har litt meir å velja mellom. Me satsar å landa på familiane i løpet av neste veke, seier prosjektleiar Nørholm.