Sogndal: Dei tre mennene, to brør og ein kamerat, er tiltalt for å ha valdteke ei kvinne i fleire timar.
Kan få 21 år i fengsel
Hendinga, som vert omtalt som grov i tiltala frå statsdavokaten, skjedde i februar i fjor. Kvinna skal ikkje ha vore i stand til å gjera motstand, og ho har tidlegare uttalt at ho vart dopa ned før valdtekta.
– Ho blei halden fast med ei pute over nakken og hovudet, heiter det i tiltala.
Statsadvokat Rudolf Christoffersen sa til NRK, som først melde om saka, at påtalemakta ser alvorleg på hendinga og at dei tiltalte kan få ei straff på opp til 21 år i fengsel.
– Det er fordi det er fleire personar som er tiltalt for å ha utført valdtektene i fellesskap, sa Christoffersen til avisa.
Dei tiltalte mennene er alle av Europeisk opphav, men er ikkje norske. I februar må dei møta i Sogn og Fjordane tingrett tiltalt for gruppevaldtekt.
Ifølgje NRK har mennene gjeve svært sprikande forklaringar til politiet og to av dei nektar heilt straffskuld.