FÅR MEIR SENDETID: Omleggingane etter nyttår vart møtt av massiv sjåarprotest. No får Mariann Reikerås og Vestlandsrevyen fem minutt ekstra å rutta med.
FÅR MEIR SENDETID: Omleggingane etter nyttår vart møtt av massiv sjåarprotest. No får Mariann Reikerås og Vestlandsrevyen fem minutt ekstra å rutta med. (Foto: Roy Hilmar Svendsen/NRK)

NRK utvidar Vestlandsrevyen etter massive reaksjonar frå TV-sjåarane

– Me har undervurdert den enormt sterke relasjonen delar av publikummet vårt har til distriktssendingane våre på TV, sier distriktsdirektøren.

Førde/Oslo: Vestlandsrevyen i forkant av Dagsrevyen blir, som dei andre distriktssendingane, forlenga frå fire til ni minutt.

Det skjer etter at folk over heile landet har reagert sterkt på den omlegginga etter nyttår, spesielt på at hovudsendinga før Dagsrevyen vart korta ned frå fjorten til fire minutt. 

GLAD: Fylkesordførar Jenny Følling har vore ein av kritikarane til den amputerte hovudsendinga til Vestlandsrevyen. Foto: Thor-Aage Lillestøl/arkiv.

Grepet vart gjort for at NRK skulle frigjera ressursar til å satsa meir på mobil og nett, der stadig fleire av oss les nyheiter. Det førte til tilnærma folkeopprør.

– For ein del av vårt trufaste publikum er desse sendingane det aller viktigaste i deira mediekvardag. Me har rett og slett undervurdert den enormt sterke relasjonen dei har til TV-nyheitene frå sitt distrikt. Det har me no teke innover oss. Difor forlenger me distriktssendinga i forkant av Dagsrevyen, sier direktør for distriktsdivisjonen i NRK, Grethe Gynnild-Johnsen i ei pressemelding.

Dei to nye bolkane med distriktssendingar på fem minutt seinare på kvelden vert som dei er. Dermed er den totale sendetida som den var før omlegginga.

Det er fylkesordførar Jenny Følling rimeleg godt nøgd med.

– Eg er veldig glad for at NRK har lytta til tilbakemeldingane og no utvidar sendinga. Det er ein god start og så får me sjå korleis desse sendingane blir, men eg vil jobbe vidare mot at vi skal ha ei fyldig og god distriktssending, seier Følling til NRK.

Til toppen