Indre Sogn: Den tredje av dei tiltalte i gruppevaldtektssaka i Sogndal er arrestert og varetektsfengsla i åtte veker. Det melder NRK fredag kveld.
– Vi er veldig godt fornøgde med politiet sin innsats. Dei har brukt mykje ressursar og gjort ein kjempejobb med å få tak i han, seier statsadvokat Rudolf Christoffersen til statskanalen.
Det var i juni at politiet sikta tre menn for å ha valdteke ei kvinne i Sogn i februar 2018. Den eine av brørne vart i mars dømd til fengsel i fem år og tre månader, den andre fekk fire år og seks månader. Dei to må óg betala 175.000 kroner kvar i oppreisning til kvinna.
Firebarnsfaren som har vore på rømmen vert av politiet rekna for å vere hovudmannen i ugjerninga.
Mannen har vore etterlyst både i Noreg og utlandet, og vart arrestert i Sortland onsdag. Sogn og Fjordane tingrett avgjorde fredag at mannen skal sitta åtte veker i varetekt.