FEMTE DAG: Rettsaka mot dei to tiltalte i gruppevaldtektssaka frå Indre Sogn er måndag på sin femte dag. Tv: bistandsadvokat Robert Fonn og statsadvokat / aktor Rudolf Christoffersen
FEMTE DAG: Rettsaka mot dei to tiltalte i gruppevaldtektssaka frå Indre Sogn er måndag på sin femte dag. Tv: bistandsadvokat Robert Fonn og statsadvokat / aktor Rudolf Christoffersen (Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK)

NRK: Eine forsvararen ber om frifinning, den andre om strafferabatt

Måndag er femte dag av rettsaka mot dei to austeuropeiske brørne som er tiltalte for gruppevaldtekt av ei kvinne i Sogn.

Indre Sogn: I Sogn og Fjordane tingrett måndag skal aktor og forsvararar halda prosedyrer og leggja ned påstand i saka. 

Aktor er statsadvokat Rudolf Christoffersen og forsvararar for dei to tiltalte er Louis Anda og Anette Stegegjerdet Norberg. Bistandsadvokaten til offeret er Robert Fonn.

Følg rettsaka her

Under kan du lesa dei viktigaste hendingane frå rettsaka, som blir gjengivne i samarbeid med NRK Sogn og Fjordane.

Klokka 10:13. Retten sin administrator har under tvil godteke at nakenbilete av den fornærma kvinna, som skal vera henta frå ein av dei tiltalte sine mobiltelefonar, kan bli viste i retten. 

Retten var i tvil og aktoratet var i mot, men forsvararne argumenterte at bilda kan seia noko om truverdet til kvinna. Retten vert lukka. 

Klokka 11:23. Retten er igjen opna og statsadvokat Rudolf Christoffersen har byrja på prosedyren. Etterpå skal forsvararane og bistandsadvokaten leggja fram sine prosedyrer. 

Klokka 12:10. Aktor Rudolf Christoffersen la fram sin prosedyre for retten. Christoffersen meiner at kvinna har gitt ei truverdig forklaring som bygger under hennar versjon av det som skjedde. Aktor peika på fleire bevis, som mellom DNA frå sæd frå to av dei tiltalte, både inne i kvinna og på buksa hennar. Vidare skriv avisa at aktor seier at ein av dei tiltalte er heilt utan truverd, og peika på sprikande forklaringar frå tiltalte.

Christoffersen konkluderer med at han meiner valdtekta var planlagt og ber om at begge tiltalte blir dømde for valdtekt.

– Ei samla vurdering av dei tiltalte sine forklaringar, samanfalt med andre bevis og dagboknotater som ikkje var meint for andre enn fornærma sjølv, seier at retten skal legga kvinnas forklaring til grunn om at tre ulike gjerningsmenn valdtok henne på tur denne natta, sa Christoffersen. 

Klokka 13:00: Retten startar opp att etter pausen. 

Klokka 13:14: Påtalemakta meiner at retten står overfor ein planlagd gruppevaldtekt og ber om fem år og seks månader fengsel ein av brørne, og fire år og seks månader for den andre. Aktor Rudolf Christoffersen meiner at den eine tiltalte som har erkjent valdtekt, bør ha strafferabatt for det.

Christoffersen sa i retten at valdtekta har vorte diskutert på førehand, og at mennene hadde ein plan om å skjenka kvinna full for så å valdta henne etter tur. Noko dei lukkast med. 

Aktor sa òg at det var skjerpande at samleiene skjedde utan kondom, og at måten dei var gjennomførte på, må ha blitt opplevd som svært nedverdigande for kvinna. Det var òg skjerpande at samleiene varte i fleire timar, sa han. 

Klokka 13:42: Bistandsadvokat Robert Fonn ber om at tingretten dømmer dei tre tiltalte til å betale ei oppreising på 175.000 kroner kvar til kvinna.

Klokka 14:50: Anette Stegegjerdet, forsvarar for ein av brørne, ber om at tiltalte vert dømt på mildast mogleg måte. Han har erkjent å ha valdteke ein person som ikkje var i stand til å setja seg imot handlinga, men nektar for at det har skjedd etter ein plan eller i samarbeid med andre.

Stegegjerdet Norberg seier seg samd i at fornærma si forklaring var sterk og klar, og er ikkje i tvil om at ho vart utsett for overgrep av to personar i tillegg til klienten hennar. Likevel bad forsvararen om 25 prosent strafferabatt, og antyda at straffa då kunne bli 3 år og ni månadar i høve aktor sin påstand.

– Eg vil åtvara mot å dømma han for gruppevaldtekt. Det viktige er om det eksisterte ein plan, eller kva min klient visste. Det er ikkje bevist at min klient har delteke i noko neddoping av fornærma. Min klient har heller ikkje lagt til rette for overgrepet. Han brukte kondom i mesteparten av samleiet. Retten må legge til grunn at min klient si tilståing har fremja bevisa i denne saka, sa Stegegjerdet Norberg i retten.

Klokka 15:46: Forsvarar Louis Anda ber om at retten frikjenner den andre broren som er tiltalt for gruppevaldtekt, eventuelt at han blir dømd på mildast mogleg måte. Anda meiner klienten er uskuldig. Han er kritisk til politiavhøyra,som har føregått via tolkar sidan dei tiltalte verken snakkar norsk eller engelsk. Han viste til at den fornærma kvinna ikkje kjende att hans klient, og at DNA-spor ikkje matchar han. Anda stilte òg spørsmål ved om det verkeleg var tre menn som hadde valdteke kvinna.

Klokka 16:02: Retten er heva. Administratoren kunne ikkje seia når dommen kjem. Dei tiltalte vil få ho forkynt i fengsel.

Til toppen