NY LEIAR: Lektor Magne Aasbrenn (60) frå Fredrikstad er den første østfoldingen som er vald til leiar i Noregs Mållag. Foto: Noregs Mållag.
NY LEIAR: Lektor Magne Aasbrenn (60) frå Fredrikstad er den første østfoldingen som er vald til leiar i Noregs Mållag. Foto: Noregs Mållag. (Foto: Noregs Mållag)

MEININGAR

– NRKs distriktkontor er viktige for språkmangfaldet

Når NRK no vil slå saman distriktskontor, er det viktig å hindre at det skjer på kostnad av nynorsk i journalistikken. Den noverande distriktskontorprofilen er svært viktig for den samla nynorskproduksjonen i statskanalen.

Les òg: Mållagsleiar reagerer på manglande nynorsk på nettsida til Visit Norway

Eitt felles hus

NRK Sogn og Fjordane har planar om eit nytt, felles hus med Firda, NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter og fleire andre. Målet er å bli eit kraftsentrum for journalistikk på nynorsk. Det må ikkje stogge med ei samanslåing.

Desse planane bør få støtte, fordi dei vil vere avgjerande for å halde oppe det språklege mediemangfaldet i Noreg. NRK bruker svært mykje meir nynorsk enn dei andre riksdekkjande redaksjonane. Ein analyse bestilt av Medietilsynet viser at NRK bruker fire gonger meir nynorsk enn andre mediehus gjer.

Dette er ein direkte konsekvens av at mange av dei andre store mediehusa i Noreg har eit uttalt forbod mot redaksjonell bruk av nynorsk. På dette området er med andre ord NRK heilt avgjerande for at det skal eksistere eit språkleg mangfald - forstått som at både nynorsk og bokmål er til stades som bruksspråk i riksdekkjande medium.

– Ei særstilling på tekstproduksjon til nett på nynorsk

Rapporten viser òg at NRK skil seg frå dei andre store mediehusa ved å dekkje Noreg utanfor hovudstaden langt grundigare. Distriktskontora i NRK bør bli styrkte i åra som kjem, for dei er heilt avgjerande for distriktsprofilen.

I dag er NRK Sogn og Fjordane i ei særstilling på tekstproduksjon til nett på nynorsk, med NRK Hordaland og NRK Møre og Romsdal litt bak. Dette er viktige miljø, og dei er det viktig å ta vare på. Fleire distriktskontor tek nynorskansvar, som Telemark, Buskerud, Rogaland og Hedmark og Oppland, men NRK Sogn og Fjordane er heilt i front i å produsere saker på nynorsk. I tillegg driv dei eit aktivt rekrutteringsarbeid for nynorskbrukande journalistar gjennom Nynorsk mediesenter.

Til toppen