NYSATSING: Fjord1 og NSB går saman om eit nytt reiselivsselskap som skal sveisa saman reiselivet i Noreg og tilby heilårsturisme. På biletet: Dagfinn Neteland adm.dir i Fjord1.
NYSATSING: Fjord1 og NSB går saman om eit nytt reiselivsselskap som skal sveisa saman reiselivet i Noreg og tilby heilårsturisme. På biletet: Dagfinn Neteland adm.dir i Fjord1. (Foto: Synne Asheim Haga/arkiv)

NSB og Fjord1 går saman om ny reiselivssatsing

NSB og Fjord1 vil etablera eit felles nasjonalt reiselivsselskap, som dei to selskapa skal eige 50 prosent kvar av.

Indre Sogn: Det skriv selskapa i ein pressemelding tysdag. 

Det nye reiselivsselskapet skal etter planen vera etablert i mars 2019, og har som mål å tilby miljøvenlege reiselivspakkar over heile Noreg, utvikla nye turistdestinasjonar og bidra til heilårsturisme, heiter det.

– Målsetjinga er å etablera ein sterk sals- og marknadsføringsportal som skal marknadsføra Noreg som ein miljøvenleg reiselivsdestinasjon også internasjonalt, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1.

Vil oppmoda til heilårsturisme

Reiselivsselskapet skal utvikla og samla reiselivstilbodet og opplevingar i heile Noreg, og tilby miljøvennlege rundreiser som saumlaust kombinerer transport med overnatting, aktivitetar og andre opplevingar.

Selskapet vil bidra til lokal destinasjonsutvikling i heile Noreg, og investera i nye konsept sjølv- og i samarbeid med lokale aktørar. Satsinga skal skapa verdi og arbeidsplassar også lokalt. 

– Turistane som kjem til Noreg følgjer ofte ei kjend turistrute. Det gjer at det kan bli ganske trongt enkelte stadar. Samstundes er det mange turistperler som ikkje får like mange besøkjande. Me ønskjer saman med lokale aktørar å utvikla nye berekraftige destinasjonar og reiselivsaktivitet heile året. Eit døme er Romsdalen med Åndalsnes og Raumabanen, fortel Synne Homble, konserndirektør for mobilitet og reiseliv i NSB-konsernet.

– Noreg får flest besøkjande om sommaren, men det er noko magisk med kvar årstid. Me skal lage pakketurar som freistar turistar heile året, seier Neteland.

Til toppen