FLÅMSBANA: Togstrekninga mellom Myrdal og Flåm har utvikla seg til ein turistmagnet til glede for både NSB og Aurland kommune. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FLÅMSBANA: Togstrekninga mellom Myrdal og Flåm har utvikla seg til ein turistmagnet til glede for både NSB og Aurland kommune. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

NSB skal framleis drive Flåmsbana

Turistmagneten Flåmsbana i Sogn og Fjordane skal drivast av NSB ut 2027 har Samferdselsdepartementet bestemt.

Flåm: – Flåmsbana har i fleire år blitt kåra til ei av verdas vakraste togstrekningar. No skal vi utvikle Flåmsbana og området rundt vidare i samarbeid med Aurland Ressursutvikling, seier konserndirektør for Reiseliv i NSB Marianne B. Einarsen.

Aurland Ressursutvikling (ARU) og NSB har samarbeidd om å selje og drive Flåmsbana sidan 1998. No har samferdselsdepartementet bestemt at Flåmsbana blir unnateken frå konkurranse og blir tildelt NSB slik at dei kan halde oppe denne avtalen.

– Dette betyr at vi kan fortsette å utvikle denne juvelen i norsk reiseliv til å bli ei endå betre reiseoppleving for dei besøkjande. Vi skal selje Flåmsbana både i ferie- og fritidsmarknaden i Noreg og turistar og i den internasjonale marknaden, seier Einarsen i ei pressemelding. (©NPK)

Til toppen