STORPRODUKSJON: Avery Dennison NTP har pakka ein million merke til fotballklubben Barcelona.
STORPRODUKSJON: Avery Dennison NTP har pakka ein million merke til fotballklubben Barcelona. (Foto: Tom Dyrdal)

NTP i Gaupne har levert ein million merke til FC Barcelona

Då FC Barcelona sparka i gong sin siste kamp for sesongen i går kveld var det i nye drakter med merker laga av Avery Dennison NTP.

Luster: – Fristen var i går, men me rakk å levera alle merkene i god tid sjølv om det har vore ein hektisk månad, seier Tom Dyrdal, dagleg leiar i Avery Dennison NTP.

Det er mange som har jobba hardt for at Barcelona skal få alle merkene dei treng i tide.

Høgsesong med mange ansatte

– På ein vanleg dag er det 130 ansatte som står på men no er det høgsesong og då er det cirka 150 som jobbar med merkene, seier Dyrdal. 

Mai er ein hektisk månad for bedrifta med mykje jobb og mange raude dagar. 

– Det er heilt klart den travlaste tida og mykje som skal gjerast. Ikkje berre skal merke produserast, men det er også mykje jobb med pakking og kvalitetskontroll. Det tek mykje tid, seier han. 

Veks fort innan sport og fotball

NTP produserar transfermerker, eller merker som du set på tekstilar. Dei har mange store kundar i Noreg og Europa. 

– Det største markedet vårt er industri og arbeidstøy men det markedet me veks fortast i er sport. Då spesielt fotball sidan det er den største sporten i Europa. 

Då går det mykje i sponsorlogoar, klubblogoar, og namn og nummer på drakter.

– Den største kunden vår er Barcelona og Liverpool. I løpet av eit år brukar Barcelona kring fire millionar merker. No i mai har me trykt rundt ein million av dei. Det er merker som må vera på plass til draktlansering for både fotballklubben og butikkar skal ha draktene på lager, seier Dyrdal.

Suksesshistorie 

Han legg ikkje skjul på at NTP er blitt ein suksesshistorie

– Me har dobla omsetnaden på marknaden i Noreg og utlandet siste ti åra og me siktar mot ein omsetnad på 200 millionar innan 2021. Me har investert 30 millionar hittil i år og kjem nok til å investera ytterlegare 30 millionar på slutten av året for å vera klar for ytterlegare vekst. 

No har dei endå ein frist som blir jobba på spreng for å nå innan mai er over. 

– Liverpool er i Champions League og skal byrja å selga den nye drakta no når finalen er ferdig og det er me som lagar merke til den drakta også, seier Dyrdal. 

Til toppen