NULLVISJON: Skal vi nå visjonen om null omkomne og hardt skadde i trafikken innan midten av dette århundrede, må vi legge meir trykk på lokalt samarbeid, skriv distriktsleiar i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane, Audun Heggestad.​ Foto: illustrasjonfoto
meiningar
NULLVISJON: Skal vi nå visjonen om null omkomne og hardt skadde i trafikken innan midten av dette århundrede, må vi legge meir trykk på lokalt samarbeid, skriv distriktsleiar i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane, Audun Heggestad.​ Foto: illustrasjonfoto
meiningar

Nullvisjonen krev lokal dugnad 

Trygg Trafikk stiller seg heilhjarta bak samferdselssjefane sine anbefalingar og ser fram til at ord blir til handling.

Skal vi nå visjonen om null omkomne og hardt skadde i trafikken innan midten av dette århundrede, må vi legge meir trykk på lokalt samarbeid, skriv distriktsleiar i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane, Audun Heggestad.

Denne veka behandlar Stortinget ei stortingsmelding om trafikktryggleik, den første på 30 år. I meldinga vert det framheva fylkeskommunane og kommunane som viktige bidragsytarar i trafikktryggingsarbeidet. Men kva må til for å få bukt med alvorlege trafikkulykker i vårt distrikt?

Betre samhandling: Nullvisjonen er realistisk, men krev auka og betre innsats, meina regjeringa. Mest er det å hente på betre samordning av arbeidet som skjer i dei ulike sektorane. Fylkeskommunane og kommunane er både vegeigar, arealmyndigheit, eigar av barnehagar og skular, arbeidsgjevar, kjøpar av transportteneste og ansvarleg for innbyggarane si helse og trivsel. Det breie ansvaret gjer gode muligheiter til auka innsats for å førebygge ulykker. 

Oppskrift: Dei fylkeskommunale samferdselssjefane kjem i meldinga med fleire tilrådingar til det lokale trafikktryggingsarbeidet. Fylkeskommunane må ta ansvar for å  legge til rette for aktivt og målretta samarbeid mellom etatar og organisasjonar.

Det må stillast krav til at alle fylke har ein godt forankra strategi og/eller plan for trafikktryggleik, som også er kopla til areal- og transportplanar, og ev. bymiljøavtalar. Godkjenningsordninga Trafikksikker kommune bør vidareutviklast med mål om at alle kommunar vert godkjend og at ordninga omfattar regionalt nivå. Det trafikantretta arbeidet må prioriterast høgare på alle nivå. 

Trygg Trafikk stiller seg heilhjarta bak samferdselssjefane sine anbefalingar og ser fram til at ord blir til handling.

Vi har ingen liv å miste.

Audun Heggestad  

Distriktsleiar for Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane

Til toppen