NUMMER 35: Eirik Kinserdal blei nummer 35 i sesongens første løp i Norgescupen på Skien. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
NUMMER 35: Eirik Kinserdal blei nummer 35 i sesongens første løp i Norgescupen på Skien. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Nummer 35 i første Norgescup-løp

Eirik Kinserdal (17) frå Årdal blei nummer 35 i sesongens første løp i Norgescupen.

Årdal: Årdølen sikra seg ein 35. plass i årets første løp i Norgescup for landeveg-sykling søndag. 17-åringen sykla i mål 3 minutt og 42 sekund bak vinnaren.

– Det gjekk greitt, ikkje like bra som i fjor, men eg fullførte og er så og seia nøgd med det, seier han til Porten.no.

Løpet var ei rundløype på 22 kilometer gonger fem og var det første løpet i Norgescupen. Løpet fann stad i Skien, og er det første av slike løp i sesongen. 

Det neste løpet er 15. mai, men før det skal Kinserdal konkurrere i Sundvolden Grand Prix og Ringerike Grand Prix om to veker.

– Eg håpar det løsnar skikkeleg då, seier han. 

Til toppen