HØG: Elva Utla vaks seg ganske stor i løpet av måndagen. Lenger fram i Utladalen var elva heilt oppunder brua ved Storøyni. Video: Terje Sylvarnes.
HØG: Elva Utla vaks seg ganske stor i løpet av måndagen. Lenger fram i Utladalen var elva heilt oppunder brua ved Storøyni. Video: Terje Sylvarnes.

NVE: – Det var stor sjanse for flaum

Men prognosane slo ikkje til som venta og dermed unngjekk ein flaum.

Årdal/Lærdal: Tysdag senkar Noregs vassdrags- og energidirektorat flaumvarselet frå oransje til gult igjen. Det var på nokre tidspunkt delvis kritisk for enkelte vassdrag måndag, men alt i alt gjekk det bra.

– Det var nokre små lokale oversvømmelsar, men utan dramatiske skadar. Det er snakk om småting, seier Brigt Samdal, regionsjef i NVE.

Les også: Her følgjer kommunen ekstra godt med

UNNGJEKK FLAUM: Prognosane slo ikkje til og dermed unngjekk ein flaum i Årdal og Lærdal.
UNNGJEKK FLAUM: Prognosane slo ikkje til og dermed unngjekk ein flaum i Årdal og Lærdal.

Stor fare for flaum

Om det ikkje var på hengande håret at ein unngjekk skadeflaum, så var det ikkje langt i frå for enkelte av vassdraga.

– Hadde prognosane på nedbøren slått til og me hadde fått nokre av desse intense, lokale bygene, var det nok stor sjanse for at me hadde fått skadeflaum, seier Samdal. 

– Eg vurderer det slik at det var mange vassdrag som var nære opp mot begrensinga si, så me skal vera glade for at det kom mindre nedbør enn venta.

Framleis i beredskap

Dei siste dagane har NVE sitt flaumvarsel vore heva til oransje, det nest høgaste. Årsaka er høge temperaturar og snøsmelting i kombinasjon med mykje nedbør. Søndag sendte Meteorologisk institutt ut OBS-varsel, men heldigvis kom det mindre nedbør enn venta.

Les også: NVE i full beredskap – fryktar flaum

MEKTIG: Slik såg Hjellefossen ut måndag kveld. Eit mektig skue.
MEKTIG: Slik såg Hjellefossen ut måndag kveld. Eit mektig skue.

Måndag morgon vart det målt 22 grader i Årdal, men temperaturane sokk raskt, så snøsmeltinga avtok. No går det rett veg når det gjeld vassføringa, seier Samdal, som samstundes fortel at dei framleis følgjer med.

– Me følgjer tett med på situasjonen for å ha kontroll. Det ligg framleis mykje snø att i fjella som gjer at med ein ny varmeperiode vil snøsmeltinga ta seg kraftig opp, og me kan få ein ny situasjon seinare i sommar dersom det kjem i kombinasjon med mykje nedbør. Då må det komma meir nedbør enn det gjorde no.

Ros til kommunane

Porten.no var i kontakt med både Årdal og Lærdal kommune måndag. Begge stader var det budde på det verste. Det får dei ros for hjå Samdal.

– Kommunane har vore veldig påkopla, tatt dette på alvor og hatt dei beredskapsrutinane som skal til for å handtere slike situasjonar. Heldigvis slapp me å sette i gong tiltaka.

Til toppen