STORE SKADAR:I 2014 vart fleire kommunar i Sogn, mellom anna Lærdal, råka hardt av flaum, denne veka var det kommunar i Nordfjord det gjekk ut over. Akrivfoto: Anne Karin Skjær.
STORE SKADAR:I 2014 vart fleire kommunar i Sogn, mellom anna Lærdal, råka hardt av flaum, denne veka var det kommunar i Nordfjord det gjekk ut over. Akrivfoto: Anne Karin Skjær.

NVE: Meir regnflaum framover

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil det bli mellom 20 og 40 prosent auke i flaumvassføringa i fleire vassdrag dei neste 100 åra.

– NVE har gjort berekningar på kva vi forventar av klimaendringar på vassdrag. Hovudpunktet er at i fleire vassdrag kan ein vente 20–40 prosent auke i flaumvassføringa dei neste 100 åra, seier Grethe Helgås til Aftenposten.
 
Ho leier seksjonen for areal og sikring i skred- og vassdragsavdelinga i NVE.
 
I ekstremvêret natt til måndag vart delar av bygda Utvik ved Innvikfjorden i Stryn kommune tatt av vassmassane. Både hus, vegar og bruer gjekk med då to elvar som renn gjennom bygda, gjekk over sine breidder.

Flaumen kom som følgje av kraftige regnbyer. Det er spesielt i små og bratte vassdrag det er utfordrande med kraftig lokal nedbør.

– Vi ser at desse hendingane kan bli nokså dramatiske. Ting skjer mykje raskare enn i dei store vassdraga, seier Helgås.

I tillegg til Utvik er Sandane og Breim i Gloppen kommune særleg ramma av flaumen. Alle dei tre bygdene ligg i Sogn og Fjordane.

Til toppen