UTSETT: Dersom regnet treff Årdal i løpet av søndagen kan Utla veksa fort. Elva er allereie breiddfull. Foto: Porten.no-tipsar.

VIDEO

Utla blant dei mest utsette elvene – NVE skjerpar flaumvarselet

Fleire elver i Indre Sogn stig, og enkelte har passert nivået for ein tiårsflaum. Sjekk oppdatert oversikt nedst i saka.

Indre Sogn: – Me kan ikkje utelukka at det vil stiga meir i løpet av dagen, viss det kjem nedbørseier, Tommy Skårholen, vakthavande hydrolog ved NVE.

STOR: Dronebilete teke i 13-tida søndag. Foto: Porten.no-tipsar

Søndag vart flaumfaren i Indre Sogn auka frå oransje til raudt nivå. Det er venta at det vil koma meir regn utover kvelden, vasstanden er allereie høg i dei fleste elvane.

– Temperaturane vil halda seg høge og det kjem inn nedbør, men meteorologane er veldig usikre på kor det treff, seier Tommy Skårholen, vakthavande hydrolog ved NVE.

Er elva stor der du er? Send gjerne inn tips og bilete til tips@porten.no eller på sms til 907 03 711.

Utla blant dei mest utsette

I natt gjekk Fortunselvi over sine breidder og sperra fire personar inne i eit hus.

– I Fortunsdalen og Mørkridsdalen har me ikkje målestasjonar som gir oss data, men begge drenerer frå både bre og høgfjell, så eg reknar med at det er høg vasstand, seier Skårholen.

Han opplyser at området rundt Jostedalsbreen og Utla i Årdal er spesielt utsette. Det er vassdrag som responderer ekstremt fort når det byrjar å regna og smelta meir.

DRONNINGELVA: Lærdalselvi steig òg kraftig laurdag. Foto: Vidar Jansen

Status for elvane i Sogn (oppdatert klokka 17:07)

  • Flåmselvi i Aurland ved målestasjonen Flåm bru: tiårsflaum, men synkande. Her var vassføringa 177 kubikkmeter i sekundet ved siste tilgjengelege måling klokka 15.15, ned frå toppunktet på 186 kubikkmeter i sekundet.
  • Jostedøla i Luster ved målestasjonen Myklemyr: over middelflaum, men ned frå toppen klokka 07.00 på 437 kubikkmeter i sekundet. Her var vassføringa 380 kubikkmeter i sekundet ved siste tilgjengelege måling klokka 13.00. Eit døgn tidlegare var vassføringa 36 kubikkmeter i sekundet.
  • Breelvi i Luster ved målestasjonen Nigardsbrevatn: over tiårsflaum og stig sakte. Her var vassføringa 64 kubikkmeter i sekundet ved siste tilgjengelege måling klokka 15.00. Eit døgn tidlegare var vassføringa 39 kubikkmeter i sekundet.
  • Storelvi i Fjærland ved målestasjonen Bøyusmelv: rett under tiårsflaum, vekslar mellom å stiga og synka. Her var vassføringa 47 kubikkmeter i sekundet ved siste tilgjengelege måling klokka 15.00. Eit døgn tidlegare var vassføringa 29 kubikkmeter i sekundet.
  • Krokadalselvi i Luster ved målestasjonen Krokenelv: Jamt høgt, men framleis eit stykke unna middelflaum. Her var vassføringa 24 kubikkmeter i sekundet ved siste tilgjengelege måling klokka 15.00. Eit døgn tidlegare var vassføringa 18 kubikkmeter i sekundet.
  • Utla i Årdal: Lett synkande, men over middelflaum. Her var vassføringa 204 kubikkmeter i sekundet ved siste tilgjengelege måling klokka 15.00. Det er ned frå 271 kubikkmeter i sekundet, som det var på toppunktet. Eit døgn tidlegare var vassføringa 236 kubikkmeter i sekundet.
  • Sogndalselvi i Sogndal ved målestasjonen Sogndalsvatn: Over middelflaum, men kan sjå ut til å minka. Her var vassføringa 81 kubikkmeter i sekundet ved siste tilgjengelege måling klokka 15.00. Eit døgn tidlegare var vassføringa 83 kubikkmeter i sekundet.
  • Nærøydalselvi i Aurland ved målestasjonen Skjerping: Stig sakte men sikkert, og nærmar seg middelflaum. Her var vassføringa 183 kubikkmeter i sekundet ved siste tilgjengelege måling klokka 15.30. Eit døgn tidlegare var vassføringa 180 kubikkmeter i sekundet.
  • Lærdalselvi i Lærdal ved målestasjonen Stuvane: Jamt høgt, men langt frå middelflaum-nivå. Her var vassføringa 126 kubikkmeter i sekundet ved siste tilgjengelege måling klokka 15.30. Eit døgn tidlegare var vassføringa 86 kubikkmeter i sekundet.
Til toppen