Aurland: – I Brekke i Flåm evakuerte me ei kvinne frå huset sitt og inn på hotell i Flåm. Brekkeelva braut over, og me var litt bekymra for huset hennar, men det var heldigvis ingen skade på huset, seier Reinart Sørensen, brannsjef i Aurland.

I Aurland var eit hus nesten omringa av vatn og vegar øydelagt. No er dei bekymra for neste runde
Dei fleste plassar i Sogn kom seg unna med ikkje så alt for store skadar under uvêret, men brannsjefen er redd for at det kan komme meir mildvêr som skapar problem.