DREG OPP: Det er bygging av distribusjonsnett for å senda straum sørover som vil dra opp straumprisen dei komande åra. Illustrasjonsfoto
DREG OPP: Det er bygging av distribusjonsnett for å senda straum sørover som vil dra opp straumprisen dei komande åra. Illustrasjonsfoto (Foto: Truls Grane Sylvarnes. Illustrasjonsbilete. Ikkje frå Aurland)

NVE spår kraftoverskot, men 30 prosent dyrare straum

Overskotet av kraft i Norden vil truleg femdoble seg fram mot 2030. Krafta skal sendast til Europa, og det vil bidra til høgare straumprisar i Norge.

Berekningar frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) viser at mykje kraftutbygging og svak vekst i etterspørselen vil føre til det enorme kraftoverskotet, som likevel vil gjere straumen rundt 30 prosent dyrare, melder  Aftenposten.

Årsaka er at den reine krafta skal eksporterast og erstatte urein kraft sørover i Europa. For å gjere dette må det byggjast kablar, og denne utbygginga åleine vil presse straumprisane opp nokre øre per kilowattime. Utbygginga av kraftproduksjon er allereie i dag subsidiert av straumkundane, omkring 500 kroner per hushald i 2015 gjekk til dette.

– Dette er det nordiske bidraget i den europeiske klimadugnaden, seier vassdrags- og energidirektør Per Sanderud.

(©NPK)

Til toppen