VÅRFLAUM: Elva Utla med høg vassføring under snøsmeltinga i fjor. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
VÅRFLAUM: Elva Utla med høg vassføring under snøsmeltinga i fjor. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

NVE: Stor vårflaum er lite sannsynleg

Ein relativt snøfattig vinter over store delar av landet betalar seg no i form av roande prognosar frå NVEs flaumvarslingsteneste. Tenesta melder om liten sannsyn for stor vårflaum.

Indre Sogn: Snømengdene for heile landet ligg no på 75 prosent av nivået i eit normalår. Så langt har snøsmeltinga vore moderat.

– Med utgangspunkt i snømengdene er det inga overrasking at det er lite sannsyn for stor vårflaum i år. Men kor stor flaumen eigentleg blir, er sjølvsagt heilt avhengig av vêret. Vi har sett fleire eksempel dei siste åra på at det har blitt svært stor flaum sjølv om det har vore lite snø, seier hydrolog og flaumvarslar Inger Karin Engen i NVE.

Størst sannsyn for stor vårflaum finn ho i Gudbrandsdalslågen og Målselva i Indre Troms. Men faren for flaum på oransje nivå som set infrastruktur og bygningar i fare er liten. (©NPK)

Til toppen