STORE SKADAR: Flaumen i Sogn har gjort store skadar på veg og eigedom. Foto: Anne Karin Skjær.
STORE SKADAR: Flaumen i Sogn har gjort store skadar på veg og eigedom. Foto: Anne Karin Skjær.

NVE tek sjølvkritikk

Noregs vassdrags- og energidirektorat innrømmer at storflaumen som har herja i Sogn ikkje var godt nok varsla.

Enorme nedbørsmengder har gjort stor skade på eigedommar og vegar på Vestlandet det siste døgnet. I Årdal måtte fleire personar evakuerast då elva truga eit byggefelt i Utladalen. Elles er det meldt om fleire som har fått vatn i kjellaren sin.

I Lærdal har dei enorme vassmengdene gjort langt større skade på bygningar. Også der måtte fleire personar evakuerast frå Ljøsne, Tønjum og Erdal. 

Der får dei fleste flytta heimatt, men éin familie kan ikkje flytta tilbake på «ei god stund», står det i ei pressemelding frå kommunen. 

200 evakuerte

Totalt 200 personar i Årdal, Lærdal og Aurland vart evakuert tysdag kveld og natt. 

Fleire vegar var stengde i Lærdal på grunn av dei enorme vassmengdene. For mange kom kanskje dette litt brått på, og sjefsingeniør i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) Inge Lavoll seier til NRK Sogn og Fordane at flaumen ikkje var godt nok varsla.

– Ikkje godt nok varsla

Medan flaum- og rasvarslingsteneste varsla høgaste nivå for Hordaland, var faren for tilsvarande på nivået under i fylket vårt.

– I ettertid ser me at faren for flaum ikkje var godt nok varsla. Det burde vore raudt også andre stader enn Hordaland, seier Lavoll til NRK. 

Trass i at meteorologane varsla mykje nedbør også i Sogn og Fjordane, vart faren for flaum ikkje heva.

– Det er eit vesentleg spørsmål som også er stilt frå NVE sentralt i Oslo. Varselet er basert på nedbørsvarsel og det vi elles veit om fuktigheit i bakken og mengda av vatn i elvene, held han fram, og seier at det framleis vil vera fare for ras.

Til toppen