POSITIV TILRÅDING: NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Offerdal Kraftverk AS løyve til å byggje og drive Offerdal kraftverk i Ytre- og Indre Offerdalselvi, med tilhøyrande nettilknyting via luftleidning til Naddvik, i Årdal kommune, Sogn og Fjordane.​ Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 
POSITIV TILRÅDING: NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Offerdal Kraftverk AS løyve til å byggje og drive Offerdal kraftverk i Ytre- og Indre Offerdalselvi, med tilhøyrande nettilknyting via luftleidning til Naddvik, i Årdal kommune, Sogn og Fjordane.​ Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 

NVE tilrår løyve til bygging av Offerdal kraftverk

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Offerdal Kraftverk AS løyve til å byggje og drive Offerdal kraftverk i Ytre- og Indre Offerdalselvi, med tilhøyrande nettilknyting via luftleidning til Naddvik, i Årdal kommune, Sogn og Fjordane.

Ofredal: Det skriv Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i ei pressemelding fredag ettermiddag. Det er Offerdal Kraftverk AS som er tiltakshavar. 

– I den samla vurderinga legg NVE vekt på at kraftverket vil produsere om lag 94,6 GWh kraft i året, noko som svarar til straumforbruket til 4730 husstandar. Ei utbygging vil såleis kunne gje eit betydeleg bidrag til den nasjonale satsinga på fornybar energi, skriv NVE.

NVE si tilråding legg til grunn etter alternativ 1 med planendring. Dette inneberer ei overføring av Ytre Ofredalselvi til Indre Ofredalselvi og ei bygging av to kraftstasjonar med ei samla effekt på om lag 47 MW. 

Negative effektar

Kraftstasjonen vil få inntak om lag 800 meter over havet i Ytre Ofredalselvi og om lag 400 meter over havet i Indre Ofredalselvi. Kraftverket skal vidare knytast til straumnettet via ein om lag ni kilometer lang 132 kV kraftleidning, som skal krysse Årdalsfjorden i luftspenn og vil bli ført vidare som luftleidning og jordkabel på sørsida av fjorden frå Jensehamn fram til Naddvik tranformatorstasjon. 

– Mogelege konsekvensar i driftsfasen er knytt til redusert vassføring på elvestrekningane som skal regulerast og fysiske inngrep i vassdragsnaturen. Ålmenne interesser som i ulik grad vil bli påverka er kulturmiljø, naturmangfald, landskap og reiseliv, heiter det vidare i meldinga. 

– Fleire høyringsinstansar har peikt på dei negative verknadene for anlegget «Ne fø’ sjøen» i Indre Offerdal. Mange er òg kritiske til landskapsverknadene av den planlagde kraftleidningen, og konsekvensar for luftfart av fjordspennet. I anleggsfasen er verknadene avgrensa til midlertidig forureining, uroing av dyrelivet og ulemper for dei som bur i nærleiken av tiltaksområdet.

Avbøtande tiltak

Som avbøtande tiltak skal det bli slepp av minstevassføring heile året og god miljøtilpassing av dei ulike inngrepa. I detaljplanfasen skal det gjerast ei nærare vurdering av behovet for restriksjonar på anleggsarbeidet av omsyn til villrein, i tillegg til tiltak for å redusere støy frå kraftverket.

– NVE tilrår at kraftleidningen skal leggjast som jordkabel dei siste to kilometrane inn til Naddvik transformatorstasjon for å redusere verknadane for kulturmiljøet i Vikadalen. NVE legg til grunn at fjordspennet på leidningen skal merkast etter gjeldande lover og reglar for luftfartshinder.

– NVE meiner utbygging av Offerdal kraftverk i det anbefalte alternativet med tilhøyrande nettilknyting, og på dei vilkår som er foreslått, er akseptabel i høve til ålmenne og private interesser.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga av Offerdal kraftverk.

Til toppen