REGULERINGSPLAN: Prosessen med reguleringsplan for Håbakken 1 har trekt ut i tid først og fremst grunna motsegn frå NVE, men dei har motsegna tilbake etter at kommunen endra planen for utfylling. Foto: Ole Ramshus Sælthun
REGULERINGSPLAN: Prosessen med reguleringsplan for Håbakken 1 har trekt ut i tid først og fremst grunna motsegn frå NVE, men dei har motsegna tilbake etter at kommunen endra planen for utfylling. Foto: Ole Ramshus Sælthun (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

NVE trekkjer motsegna for Håbakken 1

Meiner området rundt er flaumsikkert nok fordi utfyllinga skal bli mindre omfattande enn først planlagt.

Lærdal: «Asplan Viak har gjort nye flaumberekningar for området der ein tek omsyn til redusert utfylling, i tillegg er det gjort berekningar for ei alternativ tilpassa fylling. Den nye flaumberekninga syner at auken i vasstand ligg innanfor feilmarginen til modellen i heile strekket, og at heving i flaumvasstand er redusert i høve til den opphavlege planen», skriv NVE i eit brev til Lærdal kommune.

Å få godkjent reguleringsplanen for Håbakken 1, området Lærdal Grønt har planar om å etablera seg på, har drege ut i tid, mellom anna grunna motsegna frå Noregs Vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Les også: Lærdal Grønt framførde sterkt ønskje om fortgang i Håbakkenprosessen

«Den planlagde utfyllinga ville kunne forverre flaumsituasjonen for eigedom gnr. 21, bnr.1 på motsett side av Lærdalselva. Endringar i forhold til opphavleg reguleringsplan gjer til at utfyllinga blir mindre omfattande», står det i brevet, underteikna regionsjef Brigt Samdal og overingeniør Terje Systad.

Ligg an til endeleg handsaming av reguleringsplanen 22. juni

 Difor blir altså motsegna trekt frå direktoratet si side:

«NVE meiner at påverknaden på flaumsituasjonen ved redusert utfylling ligg innanfor eit nivå der kommunen sjølv må vurdere om tiltaket kan godkjennast. NVE vel difor å trekke vår motsegn til Håbakken næringspark basert på den reviderte reguleringsplan, med nye flaumberekningar».

NVE strekar under at ei enno meir flaumsikker tilpassing er å føretrekkja, om mogleg:

«Dersom det er mogleg å tilpassa fyllinga for å oppnå ein ytterlegare reduksjon i flaumsikkert nivå rår NVE til at ein gjer det», står det i brevet, som avsluyningsvis skildrar at dette kan gjerast ved at fyllinga bør ha mindre skarpe innhogg enn planlagt, ettersom dette kan medføra strøymingar og bakevjer som fører til auka erosjonspress på fyllinga.

«Fyllinga bør ha avrunda former tilpassa strøymingane i elva, og sikra på ein slik måte at fyllinga ikkje blir skada av erosjon ved ein eventuell flaum», står det avslutningsvis.

Rådgjevar plan og byggesak i Lærdal kommune Jan Olav Å. Møller, fortel dei vil etterkoma dette:

– Me vil justera fyllinga med meir avrunda former tilpassa strøymingane i elva,  i tråd med tilrådingar frå NVE.  Me vil slik sikra at fyllinga ikkje er utsett for erosjon ved ein eventuell flaum. Denne avrundinga av kantane vil også sikra meir tenleg areal for blant anna Lærdal Grønt.

Dermed er sjansane gode for at reguleringsplanen kjem opp til politisk handsaming før ferien:

– Eg legg opp til å leggja nytt planframlegg fram for formannskapet på ekstramøte 22.juni for utlegging til ny høyring av områderegulering for Håbakken – delområde 1, seier Åsarmoen Møller vidare.

Til toppen