RASFARE: Sterk nedbør gjer at faren for skred aukar. Foto: arkiv.
RASFARE: Sterk nedbør gjer at faren for skred aukar. Foto: arkiv. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

NVE varslar fare for jordskred

I natt er det meld kortvarige og intense regnbyger, mellom anna i store delar av Indre Sogn. NVE melder jordskredfare på gult nivå.

Det er venta lokalt opp mot førti millimeter regn i løpet av seks timar. Varselet gjeld for store delar av Sør-Norge. Her i Sogn gjeld varselet Aurland, Lærdal, Aurland og Årdal.

– Det er jo venta at dette vil skje i løpet av natta, så dei fleste er nok inne og søv. Det vil vere lurt å reinse dreneringsvegar, men når det gjeld faren så er det viktigast å halde seg unna bratte skråningar og område med mykje lausmassar, seier Per Glad, vakthavande hydrolog i NVE til NRK.

Skredfare på gult nivå vil seie at det er venta nokre skred og at enkelte store hendingar kan skje. Det er likevel det nest lågaste farenivået NVE opererer med, oransje og raudt nivå er dei to høgste.

Neste varsel vil bli oppdatert klokka 11.00 på søndag.

Til toppen