LETTARE: NVE vil gjera det lettare for kommunane å utnytta areal der det er fare for ras. – Det er urimeleg at det ikkje er tillate å vidareutvikle eigendommar som ligg i utløpsområde på same måte som i flodbøgjeområde.
LETTARE: NVE vil gjera det lettare for kommunane å utnytta areal der det er fare for ras. – Det er urimeleg at det ikkje er tillate å vidareutvikle eigendommar som ligg i utløpsområde på same måte som i flodbøgjeområde. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

NVE vil gjera det lettare for kommunane å byggja hus der det er fare for ras

– Me ser at det er utfordrande for dei berørte kommunane å handtere areal med risiko for store fjellskred.

Årdal: I mange kommunar vert det vanskelegare og vanskelegare å finne eigna areal som ein kan utnytte til til dømes eigedomsutvikling. Årsaka er fare for skred. 

Sjølv mindre bruksendringar krev endring av overordna kommunale planar. Men dersom ein klarar å sikre tryggleiken til menneskeliv gjennom overvaking, varsling og evakuering, meiner NVE at regelverket kan tilpassast kommunane betre.

– Me ser at det er utfordrande for dei berørte kommunane å handtere areal med risiko for store fjellskred. Det er urimeleg at det ikkje er tillate å vidareutvikle eigendommar som ligg i utløpsområde på same måte som i flodbøgjeområde, seier vassdrags- og energidirektør Per Sanderud i ei pressemelding frå NVE.

Foreslår endringar i regelverket

NVE har no bede Direktoratet for byggkvalitet, som forvaltar regelverket for bygging i skredutsette område, om å vurdera å endra regelverket. Blant forslaga vil NVE opna for å bruka unntaksregelen i den byggtekniske forskrifta slik at han også gjeld for periodisk overvaking.

I dag gjeld regelverket berre for område som vert berørt av flodbølgjer frå kontinuerleg overvaka fjellparti. NVE ønskjer også lik handtering av primære og sekundære faresoner, slik at det kan vera mogleg å vidareutvikla eksisterande bustadfelt i utløpsområdet fjor fjellskred. I tillegg har NVE kome med forslag om å ta inn og sidestilla bruksendring ved tilbygg, påbygg og bygging av kjellar.

Skal dette fungere, meiner Sanderud er det viktig at dette blir fulgt opp lokalt.

– Det hjelper lite å ha god overvaking dersom ein kommune ikkje har kriseplan for sjølve evakueringa, understrekar han.

Til toppen