KANONKULE: Chidiebere Nwakali viste nok ein gong fram skotfoten då han banka inn 2-0 og sikra tre viktige poeng for Sogndal.
KANONKULE: Chidiebere Nwakali viste nok ein gong fram skotfoten då han banka inn 2-0 og sikra tre viktige poeng for Sogndal. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Nwakali med kanonkule då Sogndal tok tre viktige poeng

Chidiebere Nwakali viste nok ein gong fram skotfoten då han banka inn 2-0 og sikra tre viktige poeng for Sogndal.

Sogndal: Etter tre strake tap har møtet med Kristiansund utvikla seg til å bli ein av dei viktigaste kampane for Sogndal i haust. Berre eitt poeng skilte laga før kampen, der gjestane frå Møre låg på kvalikplassen i nedrykkssumpa.

Difor var det naturlegvis ei stor lette av skuldrane då Gilbert Koomson heldt roen frå straffemerket etter berre 14 minutt spelt og sette inn 1-0.

Det var også resultatet til pause, og etter kvilen var det framleis Sogndal som skapte dei største sjansane. I det 76. minuttet kom betalinga då Chidiebere Nwakali banka inn 2-0 frå nesten 30 meter.

– Største talentet me har hatt

STORT TALENT: Eirik Bakke er ikkje i tvil om at Nwakali er det største talentet dei har hatt i Sogndal.
STORT TALENT: Eirik Bakke er ikkje i tvil om at Nwakali er det største talentet dei har hatt i Sogndal. Foto: Truls Grane Sylvarnes

Dermed kunne sogndølene feire tre svært viktige poeng i nedrykkssumpa og har no ei luke på fire poeng ned til dagens gjestar. 

– Det var ein fullt fortent siger, og me burde ha vunne meir, men ein veit aldri så lenge det står 1-0. Kristiansund er farlege, men eg er utruleg imponert over dei unge i dag, og ikkje minst Chidi, som har hatt problem med familien i Nigeria. Det var godt for han med ei scoring, sa trenar Eirik Bakke til Eurosport etter kampen.

– Han er ein fantastisk gut, som har hatt det tøft, men jobba hardt. Han er det største talentet me har hatt i Sogndal nokonsinne, så me må få det beste ut av han. Heldigvis får me behalde han ut sesongen, legg Sogndal-trenaren til.

Grodås fekk straffe

Det var to lag som tok det roleg ut av startblokkene på Fosshaugane Campus. Ingen var villige til å ta sjansar framover og satsa heller på kontringar.

Det skulle raskt betale seg for Sogndal, som vrei spelet og sendte Viktor Grodås gjennom med keeper. Halsande bak kom Joakim Bjerkås, som drog venstrekanten i bakken. Dommaren peika på straffemerket, og der var Gilbert Koomson iskald og sette ballen midt i mål.

Dei første 45 minuttane var det utan tvil Sogndal som var nærast scoring. I det 22 minuttet kunne det stått 2-0 då Bendik Bye kom åleina med keeper, men Sean McDermott varta opp med ei god redning.

Aggressive

Sogndal har faktisk ballen i nettet endå ein gong då Taijo Teniste avslutta, men målet var annullert for offside. 

– Me er nøgd med 1. omgang. Me hadde bra kontroll, og me ønskjer å angripe og vera aggressive. Me kan ikkje leggja oss bakpå, då får dei trykk på oss, og det vil me unngå, sa Martin Ramsland til Eurosport i pausen.

Men etter kvilen var det gjestane som starta best. Dei første ti minuttane var det Kristiansund som hadde ballen mest, men utan å skapa sjansar av den farlege sorten.

Kanonskot frå Nwakali 

Det gjorde derimot Sogndal. Bye hadde nok ei god moglegheit frå skrått hald, og i det timen vart passert avslutta Koomson frå 14–15 meter, men også denne gongen hang McDermott godt med og heldt Kristiansund inne i kampen.

Sisteskansen til Kristiansund hadde vore redninga deira ved fleire høve no, men i det 76. minutt måtte sjølv han gi tapt då Nwakali banka til frå rundt 30 meter. McDermott fekk riktig nok ei hand på ballen, men skotet var så hardt at ikkje greidde å hindre scoring.

Med 2-0 kunne heimelaget senka skuldrane og enkelt ro i land tre viktige poeng. Sogndal har no ei småpen luke på fire poeng ned til Kristiansund som ligg på kvalikplass.

Til toppen