UTVIST: Chidiebere Nwakali. Foto: Ole R. Sælthun
UTVIST: Chidiebere Nwakali. Foto: Ole R. Sælthun (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

Nwakali utvist - men Sogndal vann likevel

Det første som skjedde på Fosshaugane stadion i kampen mot Aalesund, var at Sogndal scora. Men ti minuttar før slutt rakna det for det som til då var kampens store spelar.

Sogndal: Sogndal fekk straks frispark på vel 20 meter; Chidiebere Nwakali stilte seg opp og curla ballen over muren til venstre for Aalesundkeeper Andreas Lie. Ikkje heilt patent keeperspel ettersom skotet ikkje var av det hardaste slaget og dessutan i keeperhøgd, men Lie fekk berre dytta ballen i tverrliggjaren og ned bak streken. For ein start!

I det heile har Nwakali vore brennheit dei første ti minuttane; ved to andre høve var han svært nær ved å dobla leiinga - det eine var eit langskot frå same hald som målet, berre at ballen gjekk utanfor, det andre eit skot frå kortare hald, men spiss vinkel som Lie fanga greitt opp.

Svært nære utlikning, mogleg straffesituasjon og feberredning

Også Kjetil Wæhler heldt på å scora på eit hjørnespark, headinga gjekk ikkje langt utom. I det heile har Sogndal køyrt det første kvarteret av kampen.

Etter vel 18 minuttar var det i andre enden det skjedde; på eit hjørnespark steig ein oransjekledd opp på bakre stolpe og styrte ballen mot mål. Scoringa vart avverga på meisterleg vis, truleg etter ei feberredning av keeper Dyngeland, men det kan også ha vore ein mann på strek involvert i bergingsaksjonen, litt vanskeleg å seia frå pressesona. Første sjanse til Aalesund, men den var stor!

Kampen roa seg noko, og Aalesund har teke over noko av initiativet når 1. omgang er halvspelt. Etter 24 minuttar er det nok også på grensa til at Mos skulle ha hatt straffa då Wæhler og Steiring tok ein slags sandwich på stakkars Mos. Ilt fekk han også; ikkje så rart, for det spruta armar og bein i situasjonen. Men dommar Trond Ivar Døvle tykte ikkje sandwichen var alvorleg nok til å peika på straffemerket.

Store sjansar til begge lag

Etter 33 minuttar fekk keeper Dyngeland prova at han er landslagsdiskusjon verdig. Etter eit knallskot frå ein Aalesundspelar, truleg Fredrik Carlson, frå 16-meteren gjekk Dyngeland ut i full strekk og fekk slått ballen til hjørnespark. Eitt hjørnespark vart til tre, og alle var smått farlege

Kampen livna til at, og berre tre minuttar etter den store Aalesundsjansen burde Gilbert Koomson ha dobla for heimelaget. Han vart spelt heilt åleine med keeper, men varta opp med ein chip som hamna mellom stanga på feil side og Martin Ramsland, som kom stormande til.

Skade på Teniste

Dei siste ti minuttane av første omgang var noko rolegare, men Sogndal kom til eit par halv- eller nestensjansar. Fortent leiing til heimelaget til pause, men det burde kanskje stått 2-1 i staden for 1-0.

Andre omgang kunne ha starta som første ettersom Sogndal gjekk rett i angrep. Eirik Schulze avslutta hardt frå skrå vinkel, men denne gongen var aalesundkeeper Lie patent.

Fem minuttar ut i 2. omgang måtte Taijo Teniste ut med skade. Johan Hove inn. Fem minuttar seinare snakka Gilbert Koomson på seg eit gult kort, kampens første.

Etter 57 minuttar kunne Nwakali igjen ha dobla; Birkelund la inn flatt på skrått bakover frå høgre, Koomson hoppa over og Nwakali skaut frå om lag 16-meteren, men ein meter eller så for høgt.

Etter vel 61 minuttar stod plutseleg Schulze åleine med keepr på femmeteren med ballen dalande mot seg. Diverre vart headinga for laus til at den overlista burvakt Lie.

Nwakali utvist

Etter 70 minuttar går Koomson går ned og held seg til kneet; han blir også hjelpt ut på sidelinja av medisinsk personell. Litt knuffing med keeper Dyngeland og ein aalesundspelar ettersom Dyngeland tydelegvis ikkje var nøgd med fair play-haldninga til den oransjekledde, men ein annan aalesundspelar kasta til slutt ballen inn til Dyngeland, og situasjonen ordna seg. Koomson innatt på bana, tilsynelatande frisk og rask.

Så er midtstopparane til Sogndal vel ivrige og duellerer ut kvarandre etter eit innlegg frå venstre med det resultat at ein oransjekledd får ballen på ti meter. Ei susande sklitiackling av Ulrik Fredriksen blokkerer og bergar situasjonen før Sogndal går rett i angrep og er ganske nære ved eit langskot frå Nwakali.

 Etter vel åtti minuttar fører ein svært oppheta situasjon til at målscorar og Sogndals beste, Nwakali vart utvist etter ein vel ivrig tackling og ein påfølgjande oppheta situsjon med aalesundspelarane. Massiv piping frå publikum mot dommaren.

 I sluttminuttane har det vore to byter for Sogndal: Eirik B. Skaasheim inn for Koomson og Espen N. Lund inn for Ramsland.

Men Sogndal rir av stormen og går til sommarferie med 19 poeng. Ein fartsfylt kamp Sogndal vann heilt fortent. Nwakali var det store aktivumet framover, men sjølvsagt ei stygg ripe i lakken med det raude kortet.

Elles stod Mathias Dyngeland prikkfritt i mål og varta opp med to matchvinnarredningar i 1. omgang. Midstopparparet ryddar særs godt unna - Per-Magnus Steiring er verkeleg ein gigant baki der, utan at gamlefar Wæhler kan seiast å gjera noko anna enn ein imponerande kamp, igjen.

Furebotn starta ikkje

Trass i at Sogndal har vore skadeplaga i vårsesongen, fekk ikkje Henrik Furebotn plass frå start etter at han sjølv fekk ein liten skade tidleg i mai.

Derimot var Kjetil Wæhler (41) å finna på midtstopparplass etter å ha vore ute i to kampar med ein kneskade når kampen mot Aalesund heime på Fosshaugane blir sparka i gang laurdag klokka 20.15. Det same gjeld Martin Ramsland på topp, som også har vore ute med skade.

Artikkelen held fram under biletet

MED ATT: Kjetil Wæhler.
MED ATT: Kjetil Wæhler.

Full lagoppstilling for Sogndal:

Keeper: Mathias Dyngeland

Forsvar: Taijo Teniste, Per-Magnus Steiring, Ulrik T. Fredriksen, Kjetil Wæhler

Midtbane: Chidiebere C. Nwakali, Gilbert Koomson, Lars Christian E. Kjemhus, Eirik Birkelund

Angrep: Eirik Schulze, Martin Ramsland

Utgangspunktet for kampen er at Sogndal ligg på 12. plass med 16 poeng, medan Aalesund ligg på 4. plass med 22 poeng

Til toppen