TAR IMOT FLEIRE: Frå januar i år var kommunane pliktige til å tilby akutte tilbod for rus- og psykiatripasientar, noko kommunane i Sogn løyser ved å bruke Sogn lokalmedisinske senter. Foto: Ina Eirin Eliassen. 
TAR IMOT FLEIRE: Frå januar i år var kommunane pliktige til å tilby akutte tilbod for rus- og psykiatripasientar, noko kommunane i Sogn løyser ved å bruke Sogn lokalmedisinske senter. Foto: Ina Eirin Eliassen. 

Ny avtale sparar pengar for LMS-kommunar

Frå januar er kommunane pliktige til å gi akutte tilbod for rus og psykiatri-pasientar. Det tilbodet vert no gitt gjennom Sogn lokalmedisinske senter (LMS).

Indre Sogn. Slik utnyttar ein kapasiteten endå betre ved LMS utan at kommunane treng å investere meir i det interkommunale tilbodet, som har vore under lupa det siste åra.

I januar var Helse Førde i møte med kommunane som er involvert i LMS, og det blei underteikna ein avtale som seier at kommunane kan løyse den nye utfordringa i samhandlingsreforma med LMS.

– Dette er jo ei forsterking av utnyttinga at ein no klarar å gi eit tilbod til nye grupper ein har ansvar for utan å måtte opprette sengepostar, seier rådmann i Årdal Olve Fossedal.

Helse Førde: – Trur det skal gå bra

Årdal sa som kjend opp avtalen fordi dei meinte det var for dyrt, men sidan kommunane også skal gi eit tilbod til såkalla ROP-pasientar, talte det for eit framhald i samarbeidet – utan at ein måtte ut med meir. 

LITEN FORSKJELL: Margun Thue fortel at tilbakemeldingane dei har fått tilseier at det vil gå bra å handtere ROP-pasientar i LMS.
LITEN FORSKJELL: Margun Thue fortel at tilbakemeldingane dei har fått tilseier at det vil gå bra å handtere ROP-pasientar i LMS.

– På møtet i Sogndal gjekk me gjennom kriteria for innlegging og kva type pasientar dette er. Tilbakemeldingane me får frå dei som har ansvaret for LMS, er at det ikkje blir så stor forskjell fordi dei allereie har ein del innom frå denne pasientkategorien, seier Margun Thue, stadleg leiar ved Lærdal sjukehus. 

– Me trur det skal gå bra, legg ho til.

Eit breiare tilbod til befolkninga

På møta har det blitt uttrykt bekymring for uro kring ruspasientar, men Mads Rekve ved Indre Sogn Psykiatrisenter trur det vil gå fint å løyse.

– Spesialisthelsetenesta vil heile tida vere rett rundt hjørnet. Dette er pasientar som er ute for ei problemstilling knytt til psykisk helse, der det gjerne er for drastisk å legge dei inn i psykiatri. Slik sett er dette eit lågare omsorgsnivå der ein kan vurdere behovet, seier Rekve, som meiner dette aukar tilbodet befolkninga.

– Me jobbar med å få til to kursdagar der me inviterer alle som jobbar med dette i kommunane. Då går me gjennom grensegangen mellom dei ulike teneste og tilbodet dei først og fremst skal stilla opp med, som ofte er vanleg omsorg og omtanke. 

BETRE UTNYTTING: Ved å kunne handtere ROP-pasientar ved LMS, kan kommunane utnytte tilbodet betre for det same prisen, meiner Fossedal.
BETRE UTNYTTING: Ved å kunne handtere ROP-pasientar ved LMS, kan kommunane utnytte tilbodet betre for det same prisen, meiner Fossedal.

Styrkar sjukehuset

For kommunane betyr dette at ein sparar pengar. Hadde historia vore annleis, måtte kommunen anten ha løyst det sjølv eller vore ein del av ein annan modell.

– Isolert sett kunne Årdal ha handtert somatiske pasientar, men med denne nye utfordringa, ville me ikkje utan vidare klare det. Då måtte ein etablert eigne tiltak i kommunen eller inngått samarbeid. Når LMS eksisterer og det er god kapasitet, er dette ei god løysing som også styrkar sjukehuset, seier Fossedal.

Til toppen