MS BRAGE: Den nye skyssbåten som fylkeskommunen får på plass mellom Årdalstangen og Fodnes frå og med tysdag morgon, er drifta av Norled og heiter MS Brage.
MS BRAGE: Den nye skyssbåten som fylkeskommunen får på plass mellom Årdalstangen og Fodnes frå og med tysdag morgon, er drifta av Norled og heiter MS Brage.

Ny båt kjem på plass mellom Årdalstangen og Fodnes tysdag

I tillegg har fylkeskommunen oppgradert rutetilbodet for å tilpassa Norsun sine skifttider. 

Årdal: Det kjem ein ny båt på plass mellom Årdalstangen og Fodnes frå og med tysdag morgon, det opplyser rådmannen i Årdal, Olve Fossedal. 
 
Fylkeskommunen har hyrt inn ein katamaranbåt, MS Brage, som er drifta av Norled.
Snøggbåten, som er bygd av Brødrene Aa i 2008, har gått mykje i ei turistrute i Hardanger mellom Norheimsund og Eidfjord.
 
– Passasjertalet på båten er på rundt 150. Han held større fart enn den pendlarbåten som har skyssa folk måndagen. Den pendlarbåten som me har hatt i dag har hatt problem med å halda farten, og me opplevde i dag å verta forseinka på ruta. 
 
Ikkje nok med at båten vert større og raskare, slik at alle får plass og alle kjem seg raskare fram, det vert lagt til ein avgang òg. 
 
– Me har fått gjennomslag for å få sett opp ein avgang til klokka 5.35 frå Årdalstangen til Fodnes. Soleis vert fyrste avgang ein time før frå Årdalstangen. Slik vil morgontrafikken verta handtert på ein ryddigare måte.

Tok omsyn til næringslivet

Rådmannen fortel at hovudgrunnen til at dei ikkje berre har fått fatt på ein meir formålstenleg båt, men også utvida rutetilbodet, har med næringslivet å gjera. 
 
– Den ekstra morgonavgangen har me fått på plass for å ta omsyn til Norsun sin skiftplan.
 
Etter den gamle ruta kom skiftarbeidarane for seint på jobb om morgonen, og dei som hadde jobba natteskift på fabrikken i Årdal kom seg for seint heim att. 
 
– Med dei nye rutene me har fått på plass no har me løyst desse problema, både for pendlarar på veg mot morgonskift og dei som skal heim att etter natteskift. 
 
Arbeidarane på Norsun kan fara heim via fjellovergangen Årdal-Tyin òg, men det er ein omveg.
 
– Det er viktig for oss å leggja til rette for at næringsllivet også vert nøgde, seier rådmannen.

Nøgd med fylkeskommuen 

Rådmann Fossedal hadde nett sete i kriseleiingsmøte i kommunen då han snakka med Porten.no. 

Han er godt nøgd med måten fylkeskommunen har handtert situasjonen på. 

– Me synest fylkeskommunen gjer ein god jobb i å tilpassa båten og rutene etter dei erfaringane som me har hatt måndag. Med ein gong det oppstod vanskar med opplegget i dag (måndag), so la dei seg i selen for å fiksa dette, og skaffa større, raskare båt, og fleire ruter.

I tillegg til å skaffa tidlegare båtavgangar både frå Årdalstangen til Fodnes, og frå Fodnes til Årdalstangen, har fylkeskommunen òg sett opp nye, utvida, korresponderande bussruter frå Årdalstangen til Øvre Årdal og tilbake. 

Dei nye rutene ligg ute på Kringom.no, fylkeskommunen sin ruteportal for skyss. 

Sjukebåten skal takast bort frå kaia

Ambulansebåten som vart lagt til kai ved Årdalstangen sundag vert teken ut av beredskap att måndag, opplyser Fossedal. 

– Det aksepterer me, i og med at fjellovergangen Årdal-Tyin har opna att, seier rådmannen. 

Det er gode utsikter til at fjellovergangen Årdal-Tyin kjem til å halda open dei neste dagane, etter vêrmeldingane å døma. Og Vegvesenet har i tillegg sagt at dei vil gjera det som står i deira makt for å halda vegen open so sant Finnsåstunnelen ikkje er rydda klar for trafikk att.

Ambulansetenesta i Lærdal er styrkt og har to bilar i døgerberedskap. Styrkinga er gjort for å sikre forsvarlege responstider for innbyggjarane sidan reisetida til sjukehus blir lenger som følgje av vegstenginga. 

Løysinga vert vidareført så lenge vegen mellom Årdal og Fodnes er stengd, opplyser Helse Førde.  

 
Til toppen