SAMARBEID: Boka er eit resultat av eit stort samarbeid. F.v: boknemda og forfattar med omslaget på boka Odd Semstrøm, Anders Hestetun, Jan Egil Fimreite, Marie Helene Hollevik Brandsdal, Kjell Audun Lægreid og Jasmin Eminovic
SAMARBEID: Boka er eit resultat av eit stort samarbeid. F.v: boknemda og forfattar med omslaget på boka Odd Semstrøm, Anders Hestetun, Jan Egil Fimreite, Marie Helene Hollevik Brandsdal, Kjell Audun Lægreid og Jasmin Eminovic (Foto: Malvin Stenehjem)

Ny bok fortel om historia til arbeidarrørsla i Årdal

Dette i samband med at arbeidarrørsla er 100 år i år. «Raude faner mellom høge fjell. Arbeidarrørsla i Årdal 100 år» er tittelen på boka.

Årdal: Med heile arkivet til Arbeiderpartiet i Årdal, vart journalist Jan Egil Fimreite hyra inn til å gjennomføra prosjektet, kjem det fram av ei pressemelding. 

– Boka skulle leggja vekt på breidde-aspektet ved denne rørsla, vera open og kritisk drøftande, heiter det i pressemeldinga.  

Fimreite har blant anna samarbeidd med Årdal sogelag med Jonny Asperheim i spissen. 

Helsing får Jens Stoltenberg

Tidlegare statsminister Jens Stoltenberg skriv i ei helsing i boka:

– Det å komme til Årdal som leder av Arbeiderpartiet var på mange måter som å komme hjem. 

I boka skriv Stoltenberg òg at nasjonale utviklingstrekk vov seg tett saman med det regionale og det lokale i Årdal, særleg i åra etter andre verdskrig, og konstaterer at Årdal var sjølve symbolet på framveksten av det moderne Noreg, og at den forskningsbaserte aluminiums-industrien var krafta bak stadig nye omstillingar i denne konkurranseutsette næringsgreina inst i Sogn, kjem det fram av pressemeldinga. 

Fimreite har valt å fokusera på hendingar under arbeidarrørsla, og mindre på enkeltpersonar med mål om å gi ei ærleg framstilling.

Desse hendingane fortel om ei rørsle i kamp og kløyving, om streik og lock-out, om naudsarbeid, om uforsonleg kamp mot kommunistar og andre på dei politiske yttergrenser. Her blir også fortalt om bitter ordførarstrid, om alternative lister ved kommuneval, og val av veglinjer, om kultur med song, om trugsmål om å missa både ære og partibok. Kommunestyret strødde sand over avgjerdene i representantskapet, heiter det. 

Til toppen